Trond Giske var mitt største politiske forbilde i så mange av mine unge år. Eg var oppriktig inspirert av han. Han var mykje av grunnen for at eg blei overtydd om at det var riktig at Noreg ikkje bør bli EU-medlem, og det meiner eg for ordens skuld fortsatt. Eg meiner framleis at Giske var eineståande i sin generasjon. Han er ein av dei verkelege sosialdemokratiske ideologane, og den definitivt beste talaren og debattanten eg har høyrt på ein talarstol, i Arbeidarpartiet, og norsk politikk for øvrig.

Men alt har si tid, og no bør også Giske forstå at nok er nok.

Mats Kvaløy-Bjørbekk Foto: Privat

Giskes tid har vore, og no burde han setje partiet og sosialdemokratiets framtid over sine veldig dårleg tilslørte ambisjonar om personleg makt og vinning. I staden må vi oppleve at han stadig står i sentrum for nye konflikter. Stadig ny strid, stadig nytt ondt blod. Oppslag om hemmelege lydopptak på forsoningsmøter, og ein leiar i Trondheim Ap som skal ha opplevd at Trond Giske trua med å få ho kasta etter ein krangel om tilsetjinga av ein ung valkampmedarbeidar med AUF-bakgrunn.

Eg trur på tilgiving og nye sjansar - i politikken som i livet elles. Men det fordrar at du tar reelt ansvar for det du har gjort, erkjenner det, viser oppriktig anger - og gjer opp for deg. Det har Giske aldri gjort skikkeleg - og alt han gjer no berre strekar under det.

Eg har lyst å ta vare på minnet om Giske som ein usedvanleg politisk storleik. Derfor skulle eg ønskje at han sjølv no tok betre vare på sitt eige ettermæle. Slutt å trampe rundt og ødelegge for alt og alle - inklusive deg sjølv. Det er nok no.

Giske, du var ein gang ein inspirasjon for ein ung demokratisk sosialist i Arbeidarpartiet. No er eg ein middels gammal demokratisk sosialist i same parti. Og du framstår kun som grenselaust eigenkjærleg. Det er ikkje slik eg ønskjer å hugse deg og ditt politiske virke. Du var så mykje viktigare og betre enn det. En versjon av dette innlegget ble først publisert på Facebook.

Frokostmøte: Er det vi som tåler mindre – eller samfunnet som tøyer strikken vår for langt? Kom på frokostmøte på Hevd Adressahuset fredag 24. November!