Å møte seg sjølv i døra kan av og til gje nokre stygge blåveisar og Fredrik Solvang gjorde ikkje samanstøyta noko mildare for Ola Borten Moe (Sp) i debatten om klimatiltak i førre veke.

Han vart grundig påmint sine nære relasjonar til fossilbransjen og burde og bli mint på kven som la til rette for elektrifisering av sokkelen, noko han no omsider innser er sløsing med ressursar.

Men han vart ikkje mint på kven som innførte studieavgifta til dei studentane som kan gjennomføre det grøne skifte i dei landa Moe vil bruke klimatiltaksmiddlane i. Han tenker kanskje at vi skal både planlegge bygge, eige og drifte anlegga og hauste overskotet i tillegg. Det er omlag like berekraftig som den bransjen han har beina godt planta i og meir eller mindre fordekt vernar om så godt han kan.

Oddbjørn Bruland Foto: Morten Antonsen

Utan kompetanse og kapasitet vil ikkje desse landa kunne gjennomføre den berekraftig omstillinga som Moe etterlyser. NTNU er tufta på at dei skjøna at kompetanse var nødvendig for å utnytte desse resursane og bygge Noreg frå tidleg i førre århundre.

Derfor er Norge ein leiande vasskraftnasjon idag. Denne kompetansen ønsker vi å overføre til land som har tilsvarande naturressursar og trong for utvikling. På denne måten bidreg vi til vår visjon «kunnskap for ei betre verd».

Men det stoppa Borten Moe effektivt. Kanskje ikkje så rart når han ser på oss som utdanninga sitt svar på Nille, trass i at han på sine nettsider skryt på seg eit mellomfag ved NTNU.

Kanskje vi heller skal feste vår lit til dei som har teke denne utdanninga. Fleire energibransjeleiarar i sine heimland, blant anna leiaren for Power China sin internasjonale aktivitet, Kina sitt største vasskraft selskap, kalla dette den beste vasskraft utdanninga i verda under 50 års jubileet til vasskraftprogrammet ved NTNU i fjor sommar.

Solvang kledde av Borten Moe og i svaret han gjev i Adressa, kler han av seg dei siste fillene sjølv. Kva mellomklasse i Nepal eller Etiopia er det han meiner er i stand til å betala en halv million norske kroner for ei mastergrad uansett kor god denne er?

Han burde ta seg ein prat med desse studentane og høyre kva mange av dei ofrar for å få denne utdanninga. Om Moe er vaken så tidleg kanskje avisbudet er ein av dei som har funne ein måte å finansierer opphaldet på. Eller ho som lot babyen vere att i hjå bestemora i Uganda for å kunne studere vasskraft på NTNU. Dei får ikkje dekka utanlandsstudiet sitt med stipend frå «skattebetalerane sine pengar» og staten, slik norske studentar får.

Kanskje til og med Moe, som oss, blitt audmjuk i møte med enkelte av desse skjebnane. Motivasjonen deira er skyhøg og dei finn ikkje tilsvarande utdanningar i vasskraft nokon anna stad i verda som den NTNU kan tilby?

Moe må gjerne bidra til å heve kvaliteten på denne frå det han kallar Nille-nivå, men det gjer vi ikkje utan studentar og heller ikkje utan den finansieringa han effektivt var med å redusere som minister.

Han påstår han lærte samfunnsøkonomi frå Stoltenberg, men dei har neppe hatt mykje tid til kunnskapsoverføring eller så har han gått glipp av mykje. At vi av dei med det høgste CO2 utsleppet pr person skal kjøpe oss fri frå tiltak ved å gjennomføre dei rimelegaste tiltaka i fattige land og overlate dei dyrare kutta til dei sjølv høyrest kanskje lokkande ut, men det er ein kynisme i dette som kanskje Borten Moe kan stå ved, men vi andre bør tenke gjennom.

Hva mener du? Send inn din tekst til debatt@adresseavisen.no eller delta i debatten i kommentarfeltet nederst – og husk fullt navn!