Folkehelse: «Tannhelse må bli ein sjølvsagt del av folkehelsa, like sjølvsagt som at tennene er ein del av kroppen» skriv kronikkforfattarane. 

Tannhelse må bli ein sjølvsagt del av folkehelsa, like sjølvsagt som at tennene er ein del av kroppen

Stortinget har vedtatt at dei største kommunane skal ta over ansvaret for tannhelse frå fylkeskommunen. Så er det berre det at det også vil stå igjen mange små og mindre kommunar etter samanslåingsrunden. Kva skal skje der?

Tannhelse er i dag eit fylkeskommunalt ansvar, og det er gjennom fleire år bygd opp gode kompetansemiljø. Vårt inntrykk er at fylkeskommunane stort sett evnar å fordele ressursane slik at også dei minste kommunane får gode tilbod, til dømes ved tannklinikkar dei deler med nabokommunen.