«Vi må lage ei betre verd for våre barn», er eit ofte brukt utrykk, men min påstand er at vi må lage betre barn for verda vår.

Til tross for pandemi, krig og energikrise er min påstand at vi ikkje har lært. Vi nordmenn brukar framleis 3,4 klodar samanlikna med dei fleste andre land i verda. Energiforbruket synast ikkje å bli redusert, til tross for galopperande drivstoff, - og straumprisar. Vi kaster framleis enorme mengder mat og eg finn like store mengde søppel i naturen og havet.

Det mest skremmande er at søppelmengda i havet aukar dag for dag, og det til tross for at det blir lagt ned eit enormt arbeid, av både profesjonelle og frivillige aktørar, for å rydde opp. I tillegg har vi ei regjering som set havet si framtid enda meir i spel, ved å opne for gruvedrift på havbotnen. Dette vitnar om grenselaus uforstand når det kjem til havet si uvurderlege rolle for livet på kloden. Mitt mål når eg ein gong «leverer inn tøflene», er at dei skal ha satt eit så svakt avtrykk som overhode mogeleg på «Moder Jord». Eller i det minste kompensere for avtrykket, sidan eg er så heldig å ha trekt «gullkortet», ved å bli fødd i eit av verdas rikaste land.

For det å trekke gullkortet meiner eg bør forplikte. Frå 2020 til 2022 hamna verda i ein «stillstand» gjennom ein pandemi som tok fokus frå det meste anna. Og som nok ein gong viste klart og tydleg at verda har eit A og eit B lag. Sjølv om eit virus ikkje bryr seg om at du er fødd i Noreg eller Malawi, er mogelegheitene dine for å overleve ein pandemi, enormt mykje større om du er fødd i den delen av verda som flaumar over av behandlingstilbod. Det mangla ikkje på nedsider under pandemien for næringslivet, barn og unge, for folk flest. Men det finst også oppsider. Som at vi i vår del av verda «letta trykket» ved å reise mindre, og oppdaga at vi kunne møtast (nesten) fullverdig gjennom digitale plattformer. Vi kunne utføre det meste av arbeid digitalt, utan at verda stoppa opp. Kanskje enkelte til og med (igjen)oppdaga familien sin, eller naturen.

Bonusen ved å senke pulsen på samfunnet var at jorda fekk puste lettare, og vi fekk sjansen til å kome tettare på dei viktige tinga i livet, og slik setje ny verdi på framtida. Det har gått fleire år sidan verda stoppa opp, og vi har kome tilbake til normalen, eller kanskje det vi kan kalle «den nye normalen». I tillegg har vi fått ein langvarig krig i Europa. Livet for mange, også her heime har blitt verre i kjølvatnet av pandemien og krigen i Ukraina, men kva med kloden? Vi må dessverre konstatere at vi menneske, på toppen av næringspyramiden, fristilt frå økosystemet, igjen har stramma grepet, og gjenoppretta kursen mot kanten av stupet.

Det store spørsmålet er om vi greier å stoppe, eller om vi rasar utafor og tek «Moder Jord» med oss i dragsuget? Vi treng ei kursendring! FN sin klimarapport for 2023 seier klart og tydelig at vi må sikre ein snuoperasjon. Og det hastar! Eg har stor forståing for at utviklingsland ikkje heilt ser det mogeleg for å redusere sitt forbruk. Eg har også stor forståing for at alt for mange i rike Noreg lev under fattigdomsgrensa, og ikkje har noko overforbruk eller dyre vanar som kan endrast på. Eg skjønar også at svært mange som lev over den relative fattigdomsgrensa har no fått ein trongare økonomi etter at levekostnadane har auka drastisk.

Kan sistnevnte vere ein indikasjon på at fleire har hatt ein livsstil som er vanskeleg å endre på når rammene rundt vert stramma inn?

Hva mener du? Slik skriver du for Adresseavisen Midtnorsk debatt!

Politikerne har sine valgkampsaker – men hva er din? Send inn din tekst til debatt@adresseavisen.no.