I 2008 sto Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre i spissen for ein stor internasjonal kampanje for å stoppe bruken av klasevåpen, ein type bomber som er ekstra skadelege, spreier sprengstoff over store område, rammar både sivile og militære i store tal, og medfører ekstra store lidingar og skade for land og folk både når dei blir bruka, og i mange tiår etterpå. 111 land, men ikkje USA, Ukraina eller Russland, har no slutta seg til avtalen om ikkje å bruke klasebomber.

I dag har Jens Stoltenberg som generalsekretær i NATO inga meining lenger om klasevåpen, og den norske statsminister Støre og spesielt utanriksminister Huitfeld er svært utydelege om kva dei meiner om klasevåpen. Dei synest å gjere som Noreg brukar å gjere i viktige utanrikspolitiske spørsmål: å la USA avgjere spørsmålet – no til fordel for bruk av klasebomber. Ein grunn skal vere at Russland har starta angrepskrig, og dette landet begynte med klasevåpen først. Så dermed synest det vere dei landa som stadig er mot klasevåpenforbodet, som får prege utviklinga.

Har NATO ingen mening om klasevåpen, spør innsender Eivind Hasle. Foto: Privat

Alle synest samde om at den internasjonale konvensjonen ikkje seier noko om at klasevåpen kan brukast i spesielle situasjonar eller av spesielt «rettferdige grunnar». Norsk Folkehjelp og Røde Kors er krystallklare i holdningane sine til klasevåpna. Men NATO som verdas sterkaste militærallianse har inga meining om dette brutale våpenet, hevdar generalsekretæren. Men vi veit at NATO har meining om atomvåpen: så då er det vel snart atomvåpna som står for tur i denne sklibakken mot stadig styggare og meir brutal – og meir nødvendig (?) – våpenbruk?

Hva mener du? Slik skriver du for Adresseavisen Midtnorsk debatt!