I desse dagar samlar makta i Norge seg i ein kampanje for å få folk til å godta at meir natur må byggast ned.

Både årskonferansen til NHO og Trøndelagsmøtet skal teikna opp eit bilde av kor mykje meir elektrisitet som må bli produsert for at det ikkje skal bli krise.

I Adresseavisen skriv Tangen (LO), Gimse (NHO) og Haraldsen (KS Trøndelag) om kor stort underskot på kraft det kan bli i Trøndelag. Her vil elektrifisering av Draugen og Njord med 0,6 TWh frå land hjelpe til, sjølv om det slett ikkje har nokon effekt for klima på jorda.

Derimot så er det ingen tvil om at denne avgjera er med på å forsterke naturkrisa i Trøndelag. Det vil ikkje vere vanskeleg skape underskot på kraft dersom alle planane for batteri- og hydrogenproduksjon saman med datalager blir bygd.

Felles for alle desse luftslotta i Trøndelag er at dei satsar på låg energipris og reknar med eit forbruk på 5-8 TWh. NHO og LO gjev inntrykk av at desse skal kunne regulere produksjonen opp og ned ettersom det er sol og vind.

Slik vil det heller ikkje bli, og derfor vil Statkraft satse på at den regulerbare vasskrafta skal bli bygd om slik at produksjonen i større grad kan bli køyrt opp og ned.

Det er bra at LO, NHO og KS er tydelege på at det trengs styring av kva slag prosjekt som kan bli prioritert for tilgang på kraft. Men dei rotar det til når dei skriv at det er mangel på kraft som er årsak til at Verdalskalk ikkje kan elektrifisere transporten.

Der jo nettet og ikkje mengda elektrisitet som er problemet. Heller ikkje uregulerbar kraft frå Verdalselva vil vere til hjelp.

Dette Kraftløftet kan kort framstillast slik:

  • Kraftprodusentane har eit sterkt ønske om å tene meir.

  • Kraftprodusentane ønsker nytt forbruk uavhengig om det betyr noko for klima.

  • Kraftprodusentane prøver å få folk til å tru at meir produksjon gjev lågare pris.

  • Natur og verna vassdrag må ikkje hindre meir nedbygging.

  • Ny produksjon og forbruk blir ikkje påverka av pris.

Det er vanskeleg å forstå kvifor LO og NHO er så ivrig etter å få fram denne bodskapen. Om få år kjem kapasiteten for overføring av kraft til og frå område med høgare pris auke, då vil mange av luftslotta vise seg å vere nettopp det, luftslott.

Så får vi håpe på at dei som legg planar for kva slag arbeidsplassar og produksjon vi skal ha i Trøndelag, legg til grunn at vi har ofra nok natur. Vi i Naturvernforbundet skal gjere det vi kan for at ikkje naturkrisa skal bli større.

Hva mener du? Send inn din tekst til debatt@adresseavisen.no eller delta i debatten i kommentarfeltet nederst – og husk fullt navn!