Vi kan ikkje akseptere at samar blir hetsa fordi dei ytrar seg og står opp for rettane sine. Etter aksjonane i regjeringskvartalet mot vindturbinane på Fosen, ser vi ein auke i hets og trugslar mot samar. Hetsen er retta mot dei unge aksjonistane, Sametingspresidenten, andre samiske politikarar og samar generelt. Det kjem bekymringsmeldingar om at samiske elevar blir mobba og hetsa i skulegarden.

Dette kan vi ikkje akseptere. Samiske elevar skal ikkje møte hets i skulegarden og vi skal aldri akseptere at nokon får truslar. Skulen skal vere  ein inkluderande fellesskap der ingen skal utsettast for diskriminering, og alle skal få moglegheit til å ytre seg og bli høyrt. Respektlause og hatefulle ytringar høyrer ikkje heime i skulegarden eller noko annan stad.

Alle vi som bur i Noreg har rett til å ytre oss og kjempe for ei sak vi synes er viktig – det gjeld for minoritet og majoritet. Skal vi hegne om demokratiet vårt, lokalt og nasjonalt, er det viktig å forsvare ytringsfridomen. Vi er og avhengige av god og tillitsfull dialog for å komme til ei løysing som varetek rettigheitene til reindriftssamane på Fosen.

Å kunne være ueinige i sak er grunnleggjande for eit demokratisk samfunn. Men hetsen som vi no er vitne til, er sjikanerande, vondsinna og speler på gamle fordomar mot samar. Den er og retta mot enkeltpersonar. Det er ein svært krevjande situasjon å stå i. Teknologien gjer at hat og trugslar når oss overalt og heile tida. For unge menneske som prøver å finne sin identitet er det ekstra krevjande.

Unge samar som les og erfarer korleis vaksne uttrykker seg, kan bli redde for å vise sin samiske identitet og atterhaldne med både å ytre seg og delta på ulike arenaer i det offentlege rom. Slik kan vi ikkje ha det. Vi ønskjer at alle engasjerer seg, både unge og gamle, majoritet og minoritet.

Difor er det bra at dei nye læreplanane for skulen legg vekt på at barn og unge lærer om samanhengen mellom demokrati og sentrale menneskerettar som til dømes ytringsfridom. Dei skal lære å lytte til andre og samtidig skal dei lære argumentere for eigne syn. Det gir dei eit viktig grunnlag både til å handtere ueinigheit og konfliktar, og for å søke løysingar i fellesskap. På skulen skal barn og unge òg lære å opptre omsynsfullt og utvikle bevisstheit om eigne haldningar.

Regjeringa arbeider med ein handlingsplan mot rasisme og diskriminering som skal leggjast fram i 2023. Planen omfattar alle grupper som blir utsett for rasisme og diskriminering, deriblant samar. Nyleg har rapporten til Ytringsfridomskommisjonen vore på brei høyring. Rapporten inneheld mellom anna tilrådingar som gjeld hets og hatefulle ytringar. Vi jobbar no vidare med korleis vi best følgjer opp desse tilrådingane.

Kommunal- og distriksdepartementet har og utarbeida ein digital rettleiar om hat, hets og trugslar mot politikarar og kandidatar. Inn mot haustens valkamp vil vi oppmode om å føre konstruktive debattar i alle landsdelar, og ikkje hetse kvarandre når ein er ueinige i politiske saker.

Vi ber alle om å ta eit ansvar. Aktivistane og unge samar skal ikkje stå aleine med all hetsen. Vi som sentrale politikarar har eit særskilt ansvar, men kvar og ein av oss kan gjere noko. Det går an å ta til motmæle. Samar skal ikkje tole hets fordi dei er samar. På sikt rammar det ikkje berre samane, men òg demokratiet som vi alle nyt godt av.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe