Byen, landsdelen og ikkje minst Hannah Ryggens kunst fortener eit nytt museum tilpassa dagens og framtidige behov, , skriver innleggsforfatteren. Slik kan et nytt kunstmuseum på Leüthenhaven bli utformet.  Foto: Illustrasjon: Dyrvik Arkitekter og Christian Pagh AS

Bygg nytt kunstmuseum på Leüthenhaven – av verneomsyn

Allereie i 2006 gjorde Trondheim bystyre og Sør-Trøndelag fylkesting vedtak om å bygge eit nytt, samla museum for kunst og design på grunn av tilstanden til dei to museumsbygga, men ikkje minst av plassomsyn. Etter ein lang og grundig utgreiingsprosess der 24 alternativ vart til fem, og så til tre, har styret i Musea i Sør-Trøndelag (MiST) foreslått å bygge museet på Leüthenhaven. Dette er eit klokt val ut frå museumsfaglege omsyn, omsyn til byutviklinga, og ikkje minst av verneomsyn.

LES OGSÅ: Ottervik om museumsbygg på Leüthenhaven

Som eit viktig prosjekt for Midtbyen og Trondheim, er det rimeleg at dette skaper debatt. Litt trist er det likevel at denne debatten i så liten grad tar utgangspunkt i faktiske kjensgjerningar. Riksantikvaren har vore tydeleg på at ei utbygging i tilknyting til Trondheim kunstmuseum ikkje er aktuelt. MiST har derfor foreslått eit alternativ 0+ som inneber ei utbygging av Kunstindustrimuseet som også omfattar rådhuset. Utan å drøfte dei problematiske sidene, har Byantikvaren (Adressa 06.12.21) gitt sterk støtte til dette alternativet.

Tomta til Kunstindustrimuseet er trong, og den verneverdige Møllergården må rivast. Denne bygården frå 1833 med si interessante bygningshistorie er av kommunen klassifisert med høg antikvarisk verdi (B). Alternativet krev dessutan ombygging av rådhuset. Denne bygningen, oppført i 1899, har også høg antikvarisk verdi (B). Utbygginga vil dessutan påverke kulturmiljøet rundt rådhuset og krevje inngrep i middelaldergrunn, noko som ikkje er ønskjeleg av antikvariske omsyn. Ei utgraving vil ta tid og vere kostbar.

Les også: Her vil de bygge det nye kunst- og designmuseet i Trondheim

Det er såleis mange utfordringar ved dette alternativet. Sidan Leüthenhaven ikkje hefter ved slike, er det derfor underleg at Byantikvaren hevdar at «det eneste reelle alternativet er å utvikle musea der de ligger i dag».

Grunngivinga finn vi delvis i påstanden at eit nybygg på Leüthenhaven vil føre til store klimagassutslepp. Som regel vil gjenbruk av eksisterande bygningar gi mindre klimagassutslepp, men dette gjeld særleg ved riving og nybygging. Her er det ikkje aktuelt å rive, men å finne alternativ bruk av eksisterande museumsbygningar.

Ein må også ta omsyn til klimagassutsleppet ved drift som kan vere stort ved eldre bygningar. Ein ny bygning kan gjennom livsløpet ha lågare utslepp enn eldre bygningar på grunn av utforming, materialbruk og val av energigunstige løysingar. Alternativ 0+ vil innebere omfattande nybygging og ombygging. Dessutan må det skaffast plass til dei som må flytte ut av Rådhuset. Reknestykket er ikkje eintydig.

Vel ein å bygge kunstmuseum på Leüthenhaven (11 000 m2) i tilknyting til ein museumspark, vil denne utbygginga bli vesentleg mindre enn det den vedtekne reguleringsplanen legg opp til (24 000 m2). I så fall vil klimagevinsten bli vesentleg.

LES OGSÅ: Nabolaget ønsker et kunst- og designmuseum velkommen til Leüthenhaven

LES OGSÅ: Advarer mot nytt kjempebygg: - Veldig redd for at det vil være utdatert

LES OGSÅ: Advarer mot kostbare og langstrakte prosjekter i en tid med store kriser

Det blir også hevda at med eit nytt museum vil eksisterande museumsbygningar bli ståande tomme og til forfall. Tar ein omsyn til lokalisering og arkitektoniske kvalitetar, er dette å svartmale det potensial desse bygningane har til alternativ bruk. Har ein ambisjonar på vegne av Trondheim som ein viktig museums-, kunst- og kulturby, kan ein hevde at eit nytt og framtidsretta museum på Leüthenhaven vil styrke grunnlaget for ny bruk, vern og utvikling av eksisterande museumsbygg.

Byen, landsdelen og ikkje minst Hannah Ryggens kunst fortener eit nytt museum tilpassa dagens og framtidige behov, og ikkje vanskelege tomteforhold og verneverdige bygningar.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe