I Adresseavisen 25. januar 2022 har Fiskebåt ved Espen Jacobsen og Nina Rasmussen ein kronikk med overskrifta «Havvind gir økt strømpris og fiskeriene ofres». I artikkelen skriv dei «fiskeflåten har over tid levd side om side med norsk olje- og gassnæring, og det må erkjennes at det ikkje bestandig har vært konfliktfritt. Man har likevel fått til en form for sameksistens som begge parter kan leve med».
LES OGSÅ: Endelig snakker alle om strøm
Norsk olje og gass organiserer bedrifter som vil utvikla havvind på norsk sokkel, utan å ofra fiskerinæringa. Det å utvikla havvind krev areal, og det kan oppstå ein arealkonflikt dersom ein ikkje gjer dette på rett måte. Det krev hardt arbeid å unngå konflikt .
LES OGSÅ: Rykende uenige om havvind
Norsk olje og gass meiner at me må bygga på erfaringane Fiskebåt peiker på innan olje og gass for å prøva å finna løysingar der Noreg både kan utvikla havvind for å utvikla ny industri og for å oppfylla klimamål, og samstundes ivareta fiskeri sitt behov for areal. Norsk olje og gass inviterer Fiskarlaget og Fiskebåt til å delta i arbeid for å søka å unngå konflikt mellom næringane. La og setja oss ned saman og finna ut korleis me kan unngå konflikt, systematisk arbeid i tidleg fase er ein metode som kan gje resultat.
LES OGSÅ: Norsk fiskeri sier nei til havvind
Det næringane treng, er møteplassar og systematisk dialog. Eit element i systematisk dialog er å få presentert det eksisterande kunnskapsgrunnlaget og pågåande forsking om konsekvensar av havvind for fiskeri. Det vil me gjerne bidra til, i nært samarbeid med Norges Fiskarlag og Fiskebåt, gjennom våre årlege fisk- og havvindseminar.
Interessert i debatt? Les flere innlegg her!
Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe
På grunn av vedvarende feil med debattløsningen, som følge av tekniske endringer gjort hos Facebook, har vi valgt å skru av denne løsningen. Vi jobber med å få på plass et nytt debattsystem og beklager ulempene dette medfører for våre brukere.