Sentraliseringspolitikk, effektivisering og såkalla «new public management» har skapt eit helsevesen som teller kroner og ørar, skriver innleggsforfatteren.  Foto: Privat

Bør helseføretaka vere lønsame for statskassa?

Eg vil rette ein stor takk til nokon av dei viktigaste heltane i norsk helsevesen - og så vil eg setje spørsmålsteikn ved måten vi driv desse helseføretaka våre. Eg fødde mitt fyrste barn få timar inn i det nye året. Det var det mange andre som gjorde også. Faktisk var det så mange at det var heilt fullt på fødeavdelinga på St. Olavs hospital.

LES OGSÅ: Omikronbølgen avdekker underfinansiering

Dei dyktige jordmødrene og sjukepleiarane sprang ut og inn og hadde det, når sant skal seiast, rimeleg travelt denne natta. Men eg merka det knapt. Eg kjente på ei tryggleik der inne på den lune, varme og reine fødestova. Eg var godt ivaretatt gjennom heile fødselen takka vere dyktige jordmødrer, sjukepleiarar, barnepleiarar, helsefagarbeidarar og reinhaldspersonale. Eg fekk den hjelpa eg trengte og fødde ein velskapt liten gut og blei så godt tatt vare på at det knapt kunne gått betre.

Men det er ikkje sånne fødslar eller medisinske inngrep som løner seg. Det er faktisk når det krevst noko ekstra at sjukehuset, eller helseføretaket som det jo heiter, får ekstra midlar å rutte med. Dei tente ikkje ein skarve øre på den uproblematiske fødselen eg hadde. Smak litt på den.

LES OGSÅ: Bemanning er så lav at vi ikke har noe å gå på

Eg fødde ein frisk gut, ein potensiell framtidig skattebetalar som vil spøtte nye kroner inn i statskassa. Han vil, takka vere den fantastiske jobben dei gjorde på fødestova, bli ein nyttig og flittig liten arbeidsmaur når han kjem i yrkesaktiv alder. For dei unngjekk at han fekk varige mein, nett fordi dei forhindra alvorleg hjerneskade, mellom anna. Så kvifor er det ikkje slike fødslar som «løner seg»?

Det er ikkje alle som får oppleve så god hjelp frå helsevesenet. Eg har høyrt mange skrekkhistorier om fødslar som har skjedd medan dei var på veg til sjukehuset, kor navlestrengen har surra seg kring hovudet på barnet, og endt opp med store skadar, nett fordi helsehjelpa ikkje var der når det trongst. For det er for få jordmødrer og fødestover i dette landet. Kven skulle tru at dét lønte seg?

LES OGSÅ: Kommunen i krisemøte. - Det blir ingen lettelser, spørsmålet er hva vi skal legge til

Sentraliseringspolitikk, effektivisering og såkalla «new public management» har skapt eit helsevesen som teller kroner og ørar, og dei som jobbar i helsesektoren får difor mindre tid til det dei eigentleg skal drive med - nemleg omsorg.

For kor mykje løner det seg å sitje på sengekanten til ein dødande kreftpasient? Og kor lønsamt er det eigentleg å trøyste ein pårørande som nett har mista sin kjære? Det er ein absurd tanke, for pengar og effektivitet passar ikkje saman med slike omsorgsoppgåver. Det er kynisk og hjartelaust å skulle setje på ei stoppeklokke når ein skal inn og prate med nokon som er redde for å døy. Men i realiteten er det jo nett det denne strategien handlar om - presse ut mest muleg «omsorg» for minst muleg pengar. Men er me verkeleg tent med ein slik kynisme?

Hadde eg fått store skadar under fødselen, eller om barnet mitt hadde trengt noko ekstra helsehjelp, hadde sjukehuset tent meir pengar på oss. Det hadde vore betre butikk for dette helseføretaket om noko hadde gått gale. Men sidan det dyktige helsepersonalet gjorde ein så god jobb som dei gjorde, tente ikkje sjukehuset ein skarve øre på meg eller sonen min den natta.

Eg kjente på ein tryggleik inne på den lune, varme og reine fødestova, men det var ikkje takka vere økonomar og byråkratar - det skal jordmødrene, sjukepleiarane, barnepleiarane, helsefagarbeidarane og reinhaldspersonalet ha all ære for.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe