Innleggsforfatteren mener Adressas kommentator tar feil om lønnsnivå og boforhold for arbeidere i fiskeindustrien.  Foto: Morten Antonsen

Vanskeleg å kvitte seg med myter?

I mine mange år som journalist, var noko av det mest irriterande å gi opp ei historie fordi fakta viste seg å ikkje vere slik hypotesen hevda. Eit rykte eller ein e-post om ei «nesten for god til å vere sann»-historie fekk sjølvsagt full støtte, då eg lanserte det heile på morgonmøtet. Iveren frå vaktsjef og kollega var stor. «Sjølvsagt, dette må vi gjere noko på.» «Haram, denne historia vil vi gjerne ha på topp».

LES OGSÅ: Det fruktbare året på Frøya

Ein journalist sin jobb er å sjekke, grundig. Er det verkeleg slik? Er det eg presenterer røynda? Må eg ha fleire kjelder som kan stadfeste dette? Nederlaget er ofte vanskeleg å svelgje når det viser seg at grunnlaget for dei heile er for tynn. Fakta er annleis. Det eg blei fortalt, viser seg å vere det motsette.

Om journalistikken i dag er grundig nok, veit eg for lite om. Det eg derimot veit, er at det er vanskeleg å få ein journalist til å ta turen ut på besøk til ei bedrift for å sjå, for å oppleve og sjølv erfare korleis ting er. Telefonsjuka er sterkt på plass i dei fleste redaksjonar. Ofte er det og berre ein e-post, gjerne rett før deadline. Ein vert bedd om å svare så raskt som råd, på ein kommentar om ein eller annan påstand.

Kommentator Kari Hovde skreiv nyleg i Adressa om mange som fell utanfor i Noreg. Ein god artikkel som tek fatt i ei stor utfordring. Altfor mange mellom 20 og 29 år er arbeidsledige. I sin artikkel bruker Hovde eksempel frå fiskeindustri og landbruk på at utanlandske arbeidarar tek jobbar som vi nordmenn ikkje vil ha, «fordi dei er låglønte og ein må bu på hybel i distriktet».

LES KOMMENTAREN: - Vi må slutte å svartmale livet på bygda

Det er lett å kaste ut ting fordi ein trur det er slik. Eg skal ikkje hevde at Hovde har gjort ein slett innsats med sin artikkel. Derimot trur eg det er lett å berre skrive om noko som ein har høyrd av, som mange nok har sagt at «slik er det». Eg vert sjølv ofte møtt med påstanden: «Jammen, en tener då så dårleg i fiskeindustrien». Difor nytter eg no høvet, nei det er ikkje slik.

Tariff minstelønn for fagarbeidarar i fiskeindustrien er i dag 205,55 kroner. Det er høgare enn både skips og verft, reinhald, jordbruk, reiseliv, servering og godstransport. (sjekk Arbeidstilsynet.no) Sjølvsagt har vi enkeltbedrifter som kan trekke ned, men i dag er tariff eit krav stadig fleire er samde i. Det er heller ikkje slik at alle må bu på hybel i distriktet. Å hevde slik, er eit hån mot den vellukka strategien både Hitra, Frøya, Flatanger, Osen og Nærøysund har, for å få folk til å flytte til distriktet. Dei tilsette er langt frå berre utanlandsk arbeidskraft. Vi har til og med vellukka prosjekt saman med Nav for å omskulere dei som trudde dei ikkje hadde noko mogelegheit lenger i arbeidslivet.

LES OGSÅ: Her skapes de største milliardverdiene fra havbruk

Eg vil oppmode kommentator Hovde til å sjølv ta turen ut for å sjå korleis folk har det. Det er langt frå ille å bu langs kysten. Det er her det skjer. Det er her verdiskapinga er og dessutan: Det er havet vi skal leve av i framtida! Det er sanninga, inga myte!

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe