Ivar Fylling  Foto: Privat

Berekraft kan ikkje målast i økonomi

«Bærekraft – et begrep utan reell substans?» er tittelen på Frode Solbergs kronikk i Adressa 11. oktober. Slik det er brukt i kronikken er svaret eit ubetinga ja. Det «må snarest inn som et reelt strategisk fundament i virksomheten». Begrepet er imidlertid ikkje definert, berre nemnt i samanheng med «miljø», «klima», «samfunnsansvar» og «forretningsetikk», også vagt definerte begrep, som bedriftsleiing og -styre må ivareta.

Politisk redaktør Siv Sandvik holder deg oppdatert: Abonner på hennes nyhetsbrev her!

Berekraft er ei dårleg omsetjing av det engelske «sustainability», tysk «Nachhaltigkeit». Dårleg fordi essensen i begrepet er «varighet», mens det norske ordet gir assosiasjon til «styrke». Det er noko heilt anna, med fokus på konkurranse.

Begrensningane for varig bruk av naturressursar er knytt til areal: Det årlege forbruket må ikkje overstige den årlege produksjonen. Produksjonen består av:

  1. biologisk vekst, fotosyntese
  2. nedbør
  3. energitilførsel med sol og vind

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Carlo Carlowitz, i ein analyse av skogbruk i tysk bergindustri frå 1713 om «kontinuerlig og varig bruk av skogane», utførte eit pionerarbeid på dette feltet.

Berekraft brukt om aktivitet som omfattar handel, er avhengig av pris. Prisen er ikkje noko naturfenomen. Den er konjunkturavhengig, og økonomi gir ikkje brukbare mål for varig berekraft, «sustainability».

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe