Hvem har lyktes best med trafikken i sentrum? Trondheim, Bergen eller Stavanger? Innleggsforfatteren er ikke i tvil.  Foto: NTB / Adressa

Bergen og Stavanger lykkes, Trondheim blir taper

På adressa.no 6. oktober drøfte Tore O. Sandvik kollektivtilboda i Stavanger og Bergen, og bruken av «Midtbyen». Eg kjenne ikkje Bergen så godt, men Trondheim og Stavanger meine eg å kjenne godt da eg deler mitt liv mellom dei to byane. Når eg er i Stavanger, går eg til sentrum mest kvar dag, tusle omkring i sentrale gater som Pedersgata, Kirkegata, Østervåg og Klubbgata, og sjølvsagt blir hamna besøkt med Østervåg og Vågen, dei ligg så lagleg tett opp til sentrum av byen.

Se debatten med Ivar Koteng og Ellen Loxley: Struper sykkelbyen Trondheim Midtbyen?

Det er absolutt ingen død by, mykje folkeliv. I Pedersgata er det for eksempel over 20 større og mindre restaurantar der ein også finn Michelin-restauranten Sabi Omakase. Men, det store restaurantlivet er nede ved Vågen, nær der er også tostjerners Michelin-restauranten Re-naa.

Stavanger har to store forskjellar til Trondheim:

  • Dei har bygd fjorden og havet inn i byen med ein livleg rutetrafikk, ikkje bygd den frå seg som Trondheim med å skuva alt frå seg ut på Piren. Pirenløysinga er sikkert straumlineforma teknisk, men kva med det sosiale by og land? I alt har Stavanger ti ruter med hurtigbåtruter som går mange gonger til dagen, kor den lengste er til Sauda. I tillegg har dei både passasjerbåtrute og eiga bilferje til Byøyane som går kvar time frå fem om morgonen til midnatt. Alle desse båtane legg til ved sentrum av byen. Minuttars gonge «til alt».

Skulle ein samanlikne med Trondheim så ville det vera at båtane la til i Ravnkloa. Dette lage ein livleg trafikk i byen, ein forretningsdrivande eg snakka med, sa at den trafikken åleine er med på å oppretthalde hans forretning. Mange velje heller båt enn buss til byen om dei har valet.

LES OGSÅ: Struper sykkelbyen Trondheim Midtbyen?

Det same gjeld turisttrafikken, turistskipa legg til i – eller ved – Vågen minuttars gonge til torget og sentrum av Stavanger, opptil 250 000 turistar i året. Mange, mange av dei blir transportert med båt til Preikestolen, Lysefjorden. Fleire båtselskap er aktive på dette området. Nå er det snakk om å flytta nokre av skipa litt lengre frå sentrum. Når det ligg opptil 5–6 store turistskip på same tid inne i Vågen, kan det bli litt mykje.

  • Tore O framheve at Stavanger bygger bussveg. Ja, dei gjer det, men det er eigentleg ein kort strekning frå Hillevåg til Hinna der bussane får køyre i eige felt fri frå elbilar og drosjar, og dei styre trafikklysa. Det er ikkje så lange strekninga, men ein viktig bit for å komma til og frå næringsområdet på Forus. Den har nok liten betyding for sentrum.

Skulle me samanlikna med Trondheim, blir det som å bygga bussveg frå Sluppen til Sandmoen. Stavanger har ikkje lagt ned bussruter som Trondheim, og som har skyva frå seg tusenvis av potensielle besøkande til byen ved å tvinga dei til å skifta buss. Parkering har eg aldri hatt problem med, der finst fleire parkeringshallar i sentrum, for eksempel i Klubbgata som kan samanliknast med Munkegata finst det tre, ein i enden av gata og to midt i – ein på kvar side. Kirkegata og tilgrensande smågater er i stor grad fri for biltrafikk.

Det var litt omtale av to prektige byar som har utvikla buss- og båtkommunikasjon på veldig ulike måtar. Eg trur ein må innsjå at folk er som vatnet – det finn lettaste vegen, – folk tek lettaste valet for seg.



Interessert i debatt? Les fleire innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe