No låser me og går. Innleggsforfatteren skriver at Møllenberg ikke lenger er et blivende sted for småbarnsfamilier.  Foto: Privat

Marerittet med dei fjernstyrte fugleberga

Det er fint med akutte tiltak mot festinga på Møllenberg, men det er dei langsiktige grepa som må hindre at bebuarar opplever det som skjedde med oss. Me er ein småbarnsfamilie med ungar i alderen null til sju år. Inntil nyleg var me leigetakarar i ein bygard på Møllenberg. I garden vår budde det arbeidsfolk i tjue- til femtiåra og på loftet var det eit par studenthyblar. Slik budde me i åtte år, og dette var heimen til ungane våre.

LES OGSÅ: Vi trenger tøffere tiltak mot festbråk

Gardeigaren sjølv budde i tredje etasje. Han var i åttiåra. Han var nøysam, han flikka og reparerte på garden sin, han bytta aldri ut noko som var i god stand. Berekraft rann i blodet hans, i strie straumar. Og med sitt nærvær sørga han for nattero i garden. Så døydde gardeigaren etter kort tids sjukdom. Me heldt pusten. Me håpa på det beste – at me kunne bli, at garden skulle hamne i gode hender.

Men lite blei som me håpa på. Ein såkalla eigedomsinvestor, busett på Øvre Singsaker, kjøpte bygarden. Me googla den nye eigaren. Han hadde kjøpt tre bygardar på Møllenberg i 2016. Han låg i konflikt med kommunen. Han hadde bygd om næringslokale til bustad lenger nede på Møllenberg – «fem soverom ble til 19 soverom» – utan å søkje om det. «Ikke lei hos denne mannen!», var omkvedet på svartelistene på nett over dårlege utleigarar.

LES OGSÅ: - Beboerne er fortvilte. Det blir helt ulevelige forhold

Likevel var me håpefulle. Kanskje me kunne halde fram å leige hos han inntil vidare? Me hadde ein unge på veg. Timinga var ikkje den beste. Me sjekka lovverket. Den nye eigaren måtte ha ‘sakleg grunn’ om han skulle kaste oss ut. Eigarskifte i seg sjølv verka ikkje vera «sakleg grunn» Me pusta letta ut. Kanskje me kunne sleppe spedbarn og flyttekaos på same tid?

Sommaren kom og me levde i trua. Lova var på vår side. Trudde me. Men knappe to månadar før termin til veslejenta vår fekk me dårleg nytt. Investoren ville tømme bygarden. Rykta gjekk om utbygging av loftet. Utbygging? Utrøsking? Reinsking og renovering?

LES OGSÅ: Familiebolig eller potensielt utleieobjekt?

Sønene til den avdøde gardeigaren fortvila med oss. Dei var ikkje spekulantar. Dei var arbeidsfolk som hadde handla i god tru då dei selde garden. Dei hadde høyrt på meklarbransjen som meinte det ikkje var tilrådeleg å seksjonere og selje ut leilegheitene enkeltvis fordi det var «så mykje arbeid». Dei trudde også at leigetakarane kunne bli med over til ny eigar. Men lovtolkinga hadde endra seg dei siste åra. «Sakleg grunn» er ikkje kva det ein gong var. Leigetakar sine rettar er ikkje kva det ein gong var. Me var skuffa over systemet. Kanskje ein ikkje bør få ungar når ein er leigetakar? Kanskje born er ein luksus berre dei som eig sin eigen bustad kan unne seg?

Me snakka med naboane våre. Me sukka over det som var i ferd med å skje. Kva kom no? Skulle «fem soverom bli til 19 soverom» – også i vår bygard? Og kva rolle ville det spele for investoren om dette blei ein gard «der ingen skulle tru at nokon kunne bu»? Han var uansett på Singsaker og kunne fjernstyre alt. På armlengds avstand, langt frå studentane sine brunsthyl og store kollektiv, kunne han halde fram med å mjølke Møllenberg for pengar.

Trondheim 30. november 2017 Nedre Møllenberg gate 34 settes i stand av Torgeir Moslett og Tradisjonsbygg. Hybler på Møllenberg, sak om hvem som eier de fleste hyblene i Trondheim.  Foto: Morten Antonsen  Foto: Morten Antonsen

Kven skal beskytte leigetakarane når til og med lovverket sviktar oss? Ikkje snakk til oss om «barn i by», ikkje kom med fagre ord om ein levande bydel når dette er rammene me må forhalde oss til, når stabile leigetakarar og arbeidsfolk kan ryddast av vegen med grunngjevingar tynne som vassgraut.

I gamle dagar fanst det vaktmeisterbustader i mange bygardar. Ein som passa på bygget, ein som sørga for orden og nattero. No finst det ikkje ein gong slikt. Kvifor er ikkje dette eit minstekrav om ein skal eige ein handfull med bygardar på Møllenberg? No er me verjelause og overlatne til oss sjølve i kampen om orden og nattero, verjelause mot utleigarar som knapt treng sakleg grunn for å kaste oss ut.

Så fekk Møllenberg den utviklinga lovverket la opp til, og ingen burde bli overraska over det. Spørsmålet er kor mange fjernstyrte fugleberg bydelen toler før han blir sjølvtappande – før pensjonistane rømmer. Før skiftarbeidarane stikk. Og før barnefamiliane gjev opp. Åtte einingar i bygarden vår er borte no. Eit velfungerande nettverk av seriøse leigetakarar, handplukka og vove i hop av ein gardeigar som ville det beste for garden sin. Slik er sogene frå Møllenberg i 2021. Bygardar fullasta av studentkollektiv.

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe