Då planane for St. Olavs hospital var under utforming, blei ei alternativ utgreiing av lokalisering nødvendig, og det vart opna for ein ny lokalsieringsdebatt seint i prosessen, skriver de tre debattantene.   Foto: Ocean Space Centre og Snøhetta

Ocean Space Centre høyrer ikkje heime på Tyholt

Det må vere byplanmessige omsyn som er avgjerande ved etableringa av Ocean Space Centre i Trondheim.

Formannsskapet i Trondheim har tilrådd bystyret å vedta reguleringsplanen for Ocean Space Centre på Tyholt. Sentrale personar ved SINTEF og NTNU og fleire sentrale politikarar har avvist alle diskusjonar om anna lokalisering.

I Generalplanen for Trondheim vedtok bystyret i 1971 eit byutviklingsmønster med ein bandby mellom Heimdal, Midtbyen og Ranheim. Dette var gunstig for utviklinga av transportsystemet i byen. Lokaliseringa av universitetet på Dragvoll braut med dette mønsteret. 50 år seinare innsåg ein at dette var feil og vedtok å samle universitetet på og i områda rundt Gløshaugen. Tidlegare hadde kommunen lansert strategien «Teknologibuen» der kunnskapsmiljøa skulle samlast i områda frå Marienborg, over Øya og Gløshaugen til Lerkendal og Tempe.

Politisk redaktør Siv Sandvik følger valgkampen tett. Abonner på hennes nyhetsbrev her!

Kommuneplanens arealdel 2012-2024 bygger på byutviklingsstrategien «Rett verksemd på rett plass» der publikumsretta og arbeidsplassintensive verksemder skal leggast til aksen Heimdal – Midtbyen – Ranheim (Kollektivbuen) for å stimulere kollektivtransporten. Trass i at bystyret gjentok dette prinsippet i desember 2020, og det i tillegg vart bestemt å samle universitet ved Gløshaugen, har SINTEF og NTNU gått inn for å bygge Ocean Space Centre i eit bustadområde på Tyholt. Skal me endå ein gong sjå at gode og langsiktige byutviklingsprinsipp blir sette til sides?

Vil du vite mer om hvordan du skriver for Midtnorsk debatt? Les mer her!

Marinteknisk senter med skipsmodelltanken blei etablert på Tyholt i 1939. Gjennom åra har byen vakse, og omgjevnadane er i dag prega av låge småhus, skolar, og park- og friluftsområde. Det nye prosjektet har ein helt anna skala enn Marinteknisk senters nåverande bygg. Nybygget vil ha ca. 50 000 m2 golvareal. Bassengbygget blir 280 meter langt. Det er dobbelt så langt som Dora 1 og bare 3-4 meter lågare. Mot aust blir det ein tett vegg tilsvarande 5-6 etasjar, og mot vest blir det ein ca. 15 meter høg, tett vegg. Nærområdet vil få ruvande bygningskolossar tett inn på seg. Hovudvolumets langstrakte kubistiske form skil seg kraftig frå omgjevnadane og vil dominere fjernverknaden og vil minne om eit festningsverk.

LES OGSÅ: Ocean Space Centre – henger du med i svingene?

Ein open debatt om lokaliseringa vart aldri reist. Saksframstillinga til politisk behandling nemner at alternativ ved Gløshaugen og Ladehammeren er vurderte, men det er ikkje gjort greie for grundige undersøkingar. Dette er underleg sidan NTNU har arbeidd for samling av universitetet rundt Gløshaugen. Kanskje kunne plassering i Sorgenfri-Tempe-området, i tråd med strategien «Teknologibuen» vore aktuelt å undersøke?

Utbyggar har openbart tidleg i prosessen bestemt seg for lokalisering på Tyholt. Det er lagt ned så store ressursar og så mykje prestisje i planlegginga at det tydelegvis er vanskeleg å få gjort vesentlege endringar.

Då planane for St. Olavs hospital var under utforming, blei ei alternativ utgreiing av lokalisering nødvendig, og det vart opna for ein ny lokalsieringsdebatt seint i prosessen. Sjølv om resultatet blei å halde seg til den opphavlege lokaliseringa på Øya, var utgreiinga viktig for å vere trygg på at ein valde det beste alternativet.

Det sterkaste argumentet frå utbyggarane er at det ikkje er tid til å undersøke andre alternativ. Då kan ein risikere å gå glipp av statleg finansiering og kan tape i konkurranse med andre land. Dette er velkjende argument for å presse fram vedtak det er strid om og er med å svekke tilliten til politiske organ.

Det er vanskeleg å tru at staten vil stanse finansieringa fordi om planprosessen går tilbake til ei grundigare undersøking av andre moglege lokaliseringsalternativ som òg er meir i samsvar med prinsippa i kommunens byutviklingsstrategi og med NTNUs arbeid for å samle universitetet rundt Gløshaugen.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe