Foto: Espen Bakken

Kva parti tek jordvern på alvor?

Mormora mi fortalde meg i si tid om korleis hennar mormor grov med små barnefingrar langs kanten nedst i mjøltønna for å få skrapa ut og nytta alt mjølet. Historisk har mat vore ein knapp ressurs for vanlege folk.

LES OGSÅ: Det som nå pågår er jordvandalisme!

No trur me visst at maten kjem seglande til butikkane heilt av seg sjølv, i overflod til evig tid. Heller ikkje i Senterpartiet er vern av dyrkbar jord førsteprioritet. For motorvegar med fartsgrense på 110 km/t, travbane på beste kornjord i Orkland eller bustader på det ypparste me har av jordkvalitet i Malvik, let senterpartitoppane matjorda fara. Kven skal ein lita på då?

Me har eit nasjonalt jordvernmål som seier at maks 3000 dekar dyrkbar jord kan omdisponerast årleg. Mange kommunar har underrapportert eller feilrapportert om dette. I realiteten er tapet større.

Rigmor Bjerche lurer på hvem i det politiske Norge som tar matjorda vår på alvor.  Foto: Privat

LES OGSÅ: 1000 år tar det å få ordentlig god matjord - og det tar kun minutter å bryte den ned

Nokon trur ein berre kan flytta matjord til ein annan stad og dyrka like effektivt der, men det er vanskeleg å finna eigna stader, og jordkvaliteten vert forringa.

Motorvegutbygging fortrenger matjorda og øydelegg dyrkbar mark i områda rundt vegen. Jo høgare fartsgrense, desto meir land må leggjast under asfalt. Frå bildekk vert det fresa ut fleire tusen tonn mikroplast årleg. Dette er største kjelda til slik forureining. Tyngre bilar og høgare fart aukar problemet. Plasten hamnar i jordsmonn, ferskvatn og i lufta me pustar inn. Mykje renn ut i sjøen.

LES OGSÅ: Matjorda smuldrer vekk

Alt heng i hop. Aukande problem med klima og tap av naturmangfald, gjer det meir aktuelt å verna matjorda. Me må redusera motorvegutbyggingar og fartsgrenser, slike prosjekt er ikkje framtidsretta. Bustader kan ein krympa og setja husa opp der dei ikkje legg beslag på dyrkbare areal. Kanskje travbanen i Orkland ein dag let seg reetablera til åker?

Dei som skal ta over etter oss, dei unge og dei som ikkje er fødde enno, kjem til å lura på kvifor me ikkje gjorde meir for å verna dei livgjevande systema på kloden medan det enno var tid.

Vil du vite mer om hvordan du skriver for Midtnorsk debatt? Les mer her!

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe