Skort på økonomisk kompetanse i hjelpeapparatet?

Ukas fredagsspaltist hevder at «hjelpeapparatet» manglar grunnleggjande økonomisk kompetanse, og ikkje engasjerer seg i klientane/pasientane sine økonomiske utfordringar. Når han beskriv hjelpeapparatet nemner han Nav, fastleger og psykologer.

Eg arbeidar i Ambulant akutteam ved Nidelv DPS, Tiller. Vi møter menneske i meir eller mindre akutte psykiske kriser. Vi er medvetne om at økonomiske utfordringar vil kunne bidra til dårleg psykisk helse.

LES OGSÅ: Hjelpeapparat uten økonomisk kompetanse

Eg vil hevde at økonomi er noko vi er innom med dei fleste menneskene vi møter her. Så er det mykje vi i Psykisk helsevern i spesialisthelsetenesta ikkje rår med innafor det økonomiske feltet.

Når dette er sentralt i pasientane sin problematikk inviterer vi oss gjerne med på samarbeidsmøte med fastlege og NAV. Dette gjer vi saman med pasientane våre.

Vil du vite mer om hvordan du skriver for Midtnorsk debatt? Les mer her!

Om ein manglar pengar til grunnleggande daglege behov gir det lite meining å snakke om aktuelle emosjonelle utfordringar etter ein vanskeleg barndom.

Dette prøver vi å ta høgde for i våre møte med menneske i krise, i lag med andre deler av hjelpeapparatet. Som vi opplev har både kunnskap, kompetanse og verkemidlar.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe