Me vart møtt med empati og omsorg i abortnemnda

Eg har ingen politisk eller religiøs agenda med denne kommentaren. Eg ønsker kun å dele mine tanker og erfaringer etter å ha gjennomført to seinaborter. Den første i veke 21 og den andre i veke 17. Me tok det vanskelege valget etter beskjed om alvorleg sjukdom hos begge foster.

LES OGSÅ: Gode grunner for å beholde dagens abortlov

Mine svangerskap var ønska, og valget om å avslutte opplevdes umenneskelig å ta. Me fekk svært god oppfølging og informasjon ved Nasjonalt senter for fostermedisin ved St. Olavs hospital, men valget var vårt åleine som foreldre. Ein får ingen konkrete råd.

Eg blir trist av å lese om andre sine vanskelege erfaringer i møte med abortnemnd, for vår oppleving var ei heilt anna. Me vart møtt med empati, omsorg og sårt tiltrengt støtte ved begge andledninger. Me vart sett og hørt som foreldre begge to. Etter møte med nemndlegen fekk me den bekreftelsen og tryggheten me trengte for å bedre leve vidare med valget.

LES OGSÅ: Politiker og jordmor i abort-debatten: Dette blir meget utfordrende

For du skal leve vidare med det som har satt spor i kropp og sinn. Ein seinabort er ein fødsel. Det er smerter, rier, morsinstinkt og melkespreng. Uansett årsak til seinabort, kan eg ikkje forstå anna enn at det vil sette spor hos kvinna som som går gjennom dette. Så kanskje burde spørsmålet om kvinners psykiske helse etter ein seinabort fått større plass i debatten?

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe