No kappast dei politiske partia om å legge fram dei beste forslaga til ny distriktspolitikk, skriver bygdeforsker Reidar Almås.  Foto: Leikny Havik Skjærseth

Korleis bremse sentraliseringa?

«For å hindre sentralisering i Norge har det vært ført en aktiv distriktspolitikk, men tiltakene har ikke vært tilstrekkelige. Ingen regjeringskonstellasjon kan hevde at de har satt inn virkemidler som har stoppet sentraliseringen», skriv Anne-Brit Skjetne i Adresseavisen 24. februar. Men kva er spørsmålet, og kva er svaret?

LES OGSÅ: Skjult sentralisering av verste sort

Som forskar vil eg hevde at spørsmålet må vera korleis stat og kommunar kan legge til rette for at nok dyktige folk vil bu i distrikta, slik at vi kan utnytte naturressursane som Norge er så rikt på. Når alle desse dyktige folka, i jordbruk og skogbruk, fiske og havbruk, reindrift og reiseliv, bergverk og kraftproduksjon, olje og gass har vorte så effektive at det trengst færre folk enn før, så er det ei suksesshistorie.

På grunn av at det trengst færre folk, vil sentralisering vera ein «naturlov», dersom ein ikkje korrigerer md politiske verkemiddel. Det er utnyttinga av desse ressursane som har gjort oss rike og gitt oss det busettingsmønsteret vi har. Spørsmålet bør derfor vera korleis vi kan bremse på sentraliseringa, slik at vi kan halde fram med å utvinne rikdom og bygge gode samfunn i distrikta.

Les også: Da det gikk galt, brukte ambulansen over to timer på å komme frem

Med datarevolusjonen kunne ein saktens styre utnyttinga av naturressursane frå eit vegkryss på Sinsen. Likevel har vi, ikkje minst no under pandemien, lært at det må vera arbeidsfolk på plass for å skape verdiar. Dessutan er det både eit rettferdskrav og ein føresetnad for rekruttering til slike samfunnskritiske funksjonar ute i distrikta at folk har levekår og livskvalitet til liks med resten av samfunnet. I tillegg har det norske busettingsmønsteret med levande bygder og vakkert kulturlandskap over heile landet ein eigenverdi. Vi må ta vare på Norge, både for oss sjølve, for feriegjester frå utlandet og for framtidig slekter.

Som mange har fått med seg, har det vore eit distriktsopprør i landet dei siste åra. Vi har sett motstand imot samanslåing av kommunar og fylke, protestar imot sentralisering av statlege arbeidsplassar i post, politi, rettsvesen og Nav. Lokale og regionale grupperingar har aksjonert imot nedlegging av sjukehus, fødetilbod og forsvarsanlegg. Staten har forlatt oss, seier ordføraren i Bø i Vesterålen.

LES OGSÅ: Selvfølgelig er Vedum kandidat

Det har ført til at distriktspolitikk er eit tema i valkampen som er i gang. Eg trur ikkje at dette hadde skjedd utan dei mange distriktsopprøra vi har sett. Den distriktspolitiske verktøykassa har vore tømt over fleire år. Verkemidla for regional utvikling som fylkeskommunane forvaltar, har vorte redusert år for år. Av effektive verkemiddel er det er snart berre den differensierte arbeidsgjevaravgifta att. Men utan distriktsopprøret, ingen distriktspolitisk debatt. Dette er ikkje eit opprør i gule vestar eller marsj imot Stortinget for å stanse politiske vedtak med okkupasjon og vald. Dette er eit opprør i bunad, med humor, men og i djupt alvor.

No kappast dei politiske partia om å legge fram dei beste forslaga til ny distriktspolitikk. Det har vorte konkurranse om å ha den beste distriktspolitikken. Alle vil fylle opp den distriktspolitiske verktøykista. Dette er bra, både for distrikta og for landet vårt. For Anne-Brit Skjetne har heilt rett i at «det er en felles interesse for alle som bor i Norge, at vi skal ha levedyktige samfunn i både by og distrikt». Men eg er djup usamd i hennar påstand om at dei som fremjer den distriktspolitiske debatten har «har polarisering som mål. De og oss. Distrikt mot sentrale strøk».

Kven skal stå opp for distrikta sine interesser om vi ikkje gjer det, vi som bur der og våre representantar? Det er ikkje «populisme» når folk kjempar for Høgskolen på Nesna, for å bevare fødeavdelinga i Kristiansund, for å oppretthalde kommunen sin eller for å få ta førarprøve eller å få skaffe seg pass innan rimeleg avstand. Å kjempe for sine interesser er ikkje «populisme», men demokrati.

Følg Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe