Det er derfor god grunn å til å stille spørsmål rundt ambisjonar og mål for denne heidersprisen, slik Ole Jacob Hoel gjer i Adresseavisen, skriver Arnfinn Stendahl Rokne (t.h.).   Foto: Christine Schefte

Ambisjonar for Hall of Fame

Rockheim Hall of Fame er desidert det største og mest omfattande arrangementet som det nasjonale museet for populærmusikk gjennomfører kvart år. Med godt over 500 000 tv-sjåarar er dette eit program med stor rekkevidde. Det er derfor god grunn å til å stille spørsmål rundt ambisjonar og mål for denne heidersprisen, slik Ole Jacob Hoel gjer i Adresseavisen.

Eg har jobba som direktør for det samanslåtte nasjonale museet for musikk som består av Rockheim og Ringve i litt over to månader. Før eg vart kjent med Rockheim frå innsida, stilte eg meg mange av dei same spørsmåla som Hoel stiller. I tillegg har eg vore opptatt av meire museumsfaglege spørsmål knytt til om det er musea si oppgåve å hylle helter, og kva historier som eigentleg blir fortalt om musikkens betyding for enkeltpersonar, samfunn og musikkbransjen gjennom Hall of Fame.

LES OGSÅ: Snart 50 år med nedvurdering av Hans Rotmo

Potensialet til Hall of Fame er stort og vidareutvikling av arrangementet er noko me skal i gang med når me omorganiserer og lager ny strategi i år. I samanslåinga av Rockheim og Ringve er ei av oppgåvene våre å jobbe med vår nasjonale rolle. Med eit fornya Hall of Fame bør me bruke heideren av viktige kunstnarskap som plattform for å snakke meire om musikkens betyding og kva den enkelte artist har betydd for norsk musikkliv og norske identitetar. Framover blir det viktig å sjå på korleis me skal forvalte det materialet artistane i Hall of Fame har gitt oss, og bygge samlingsplanar knytt til nye innlemmingar. Når Hall of Fame vart oppretta var forventinga til den museumsfaglege delen sentral. Her ligg ei viktig grunngjeving for at Hall of Fame er ein del av Rockheim sitt samfunnsoppdrag, og eit viktig grunnlag for å utvikle større ambisjonar for Hall of Fame.

Så skal dei seiast at Rockheim har gjort mykje ut av mange av dei 35 artistane som er innlemma så langt. Det er laga utstillingar, konsertar, aktivitetar og arrangement knytt til A-ha, Åge Aleksandersen, Wenche Myhre, Alf Prøysen, The Pussycats, Jahn Teigen, Knutsen & Ludvigsen, Mari Boine, Karin Krog og Motorpsycho. Rockheim har også ei Hall of Fame-utstilling der besøkande fordjuper seg i musikk, film, bilde og tekstar om dei innlemma artistane. Utstillinga viser fram heile karrieren til artistane og gir publikum innsikt og bakgrunnskunnskap om kvifor dei er innlemma i Hall of Fame.

LES OGSÅ: Fremmedfrykt fra smørøyet

Det Hoel kaller dei naturlege ambisjonane for Rockheim, regnar eg har med vår synligheit og viktigheit nasjonalt å gjera. Me har akkurat åpna ei ny avdeling i den faste utstillinga som handler om musikk og musikk-kultur frå dei siste 20 åra. Utstillinga gir oss moglegheit til å ta temperaturen på samtida og være relevant for nye målgrupper lokalt og nasjonalt. Formidlinga er interaktiv, den er teknologidreven og basert på grundig museumsfagleg kuratering i tråd med det som forventes av eit nasjonalt museum.

I forbindelse med samanslåinga av Rockheim og Ringve skal me jobbe med dei ambisjonane og visjonane som me meiner at ikkje berre Hall of Fame, men eit samla nasjonalt musikkmuseum i heile si bredde bør ha.

Følg Adresseavisen Midtnorsk debatt på Facebook!