Dette sykkeluhellet i Verftsgata skyldes isglatt vei, men de fleste sykkelulykkene skjer i veikryss, skriver innleggsforfatteren.  Foto: Håvard Haugseth Jensen

Det er kryssa som er farlegast for syklistar

Diskusjonar om tilrettelegging for meir sykling handlar oftast om sykkelstrekningar. Kryssutforming blir i lita grad omtalt sjølv om dei fleste sykkelulykkene skjer i og i tilknyting til kryss.

Syklistar har fem gonger større risiko enn bilførarar for å bli hardt skadde eller drepne i trafikken, rekna etter køyrde kilometer. I tillegg blir mange ulykker, oftast med mindre skader, ikkje registrerte, særleg aleineulykker som utforkøyring og velt. Dei politirapporterte ulykkene gjev altså ikkje eit fullstendig bilde, men er det beste faktagrunnlaget me har, og er til stor nytte for planlegging og drift av sykkelvegsystemet.

LES OGSÅ: Mann skadd etter sammenstøt med annen syklist

Når me har nullvisjonen om at ingen skal bli alvorleg skadde eller miste livet i trafikken, og samtidig skal satse på meir sykling, har me ei stor utfordring. Innsatsen må særleg settast inn der verknaden blir størst, det vil seie å få til gode og trygge kryssløysingar for å få eit samanhengande sykkelvegnett.

Adresseavisen gav sommaren 2018 ein oversikt over 192 politirapporterte sykkelulykker i Trondheim i 2013-2018. Det viktigaste, og kanskje mest overraskande for mange, var at ca. 2/3 av ulykkene skjedde i og i tilknyting til kryss, og bare 1/3 på veg- eller gatestrekning. I nesten alle ulykkene var minst to partar involverte, oftast sykkel og bil. I ca. 1/3 av ulykkene i kryss kom syklisten frå fortau eller gang- og/eller sykkelveg, og kryssa gata eller køyrevegen i eller nær fotgjengarfelt. Dei fleste andre kryssulykkene skuldast at bil og/eller sykkel hadde kryssande køyreretning eller svinga i krysset. Nesten alle ulykkene skjer i kryss utan lysregulering. At ein del syklar på raudt lys fører sjeldan til ulykker.

LES OGSÅ; Derfor sykler mange på rødt i lyskryss

Ein statistikk frå vegvesenet over 531 politirapporterte sykkelulykker i heile Trøndelag 2008-2017 viser nesten dei same tala som undersøkinga i Trondheim. Denne statistikken er interessant fordi han omfattar fleire område utanfor tettbygde strøk, og ein kunne ha venta større del av ulykkene på vegstrekning. To tidlegare undersøkingar av ulykker i heile landet gjennomførte i 2005 av Transportøkonomisk institutt og Sintef viser same tendensar. Det ser altså ikkje ut til at det har skjedd vesentlege forbetringar i seinare tid.

Den grunnleggande årsaka til ulykkene er at me i Norge ser på sykkelen som litt køyretøy og litt fotgjengar, mens dei i andre land konsekvent reknar syklisten som køyrande. Sykkelen har ein uklar status med eit komplisert og til dels ulogisk og sjølvmotseiande regelerk som få har full oversikt over. Sjølv politiet og andre ekspertar har problem med å forstå reglane, og då er det urimeleg å rekne med at syklistar og andre trafikantar kan dei.

Det er lov å sykle nesten kor som helst – i køyrebane med eller utan sykkelfelt, i kollektivfelt og på vegskulder, på fortau, gangvegar og stiar, på sykkelvegar, på gang- og sykkelvegar, i gatetun og andre fotgjengarområde. Bortsett frå på reine køyrevegar, med eventuelt sykkelfelt, er det få reguleringar av kor du kan sykle. For eksempel er det lov å sykle på fortau både på høgre og venstre side av gata. Det kompliserte regelverket medverkar til at sykkelvegnettet ofte er ulogisk, mangelfullt og usamanhengande, og heller ikkje alltid i samsvar med reglane. For eksempel er løysingar mange stader baserte på at syklar skal krysse gata i fotgjengarfelt.

LES OGSÅ: Her skjer flest sykkelulykker i Trondheim

Norge og Island er dei einaste landa i Europa som tillèt vaksne å sykle på fortauet. Då regelen kom i 1978 var grunngjevinga at barn og andre «svake» og utrygge syklistar skulle vere trygge på fortauet. Men regelen er problematisk. For det eine kan han gje falsk tryggleikskjensle. Når mange syklar på fortauet medfører det ulemper og ulykker for både fotgjengarar og syklistar. Og med risikoen for ulykker også ved kryssing av veg eller gate frå fortau vil det samla sett ofte vere tryggare å sykle i gata.

For det andre er det freistande for styresmaktene å ikkje bygge fullgode løysingar når finst fortau. Og mange bilistar trur at syklistane skal bruke fortauet og ikkje køyrebanen. For det tredje kan sykling på fortauet styrke syklistars oppfatning av at dei kan oppføre seg som dei vil, både lovleg og ulovleg, ofte til fare for både seg sjølv og andre trafikantar.

Vikepliktreglane er til dels ulogiske og ikkje konsistente. For eksempel har bil på ei avkøyrsle vikeplikt for syklist på sykkeltrasé som kryssar avkøyrsla. Men syklisten har vikeplikt for bil dersom sykkeltraseen kryssar veg eller gate. Dette skaper forvirring og risiko fordi det ofte er uklart kva som er avkøyrsle eller veg eller gate. Då er det òg ulogisk at den som lovleg syklar på fortau, har vikeplikt for bil dersom ho syklar i fotgjengarfeltet i gata. Å sykle i staden for å trille sykkelen er mest naturleg for syklisten, og også til nytte for biltrafikken fordi det går fortare å sykle.

Når kvar syklist opptrer vekselvis som fotgjengar og syklist, og skiftar raskt mellom ulike stader å ta seg fram på, skaper det forvirring og misforståingar. Det oppstår uoversiktlege situasjonar, og andre trafikantar overser lett syklistar i eit komplisert trafikkbilde. Dette er hovudårsaka til dei altfor mange sykkelulykkene. Eg har for eksempel registert nesten 40 ulike måtar syklistar tek seg fram på i og ved krysset Bakke bru, Nedre Bakklandet, Bakkegata og Innherredsveien. Det er urimeleg å klage på syklistane når reglane og utforminga ikkje viser tydeleg korleis dei skal passere krysset.

Trondheim kan ikkje på eiga hand gjere noko med regelverket. Men dei kan gjere mykje med betre utforming av infrastrukturen for å få til trygge og logiske sykkelruter som er samanhengande, også i kryssa. Blant anna gjev gjennomføring av gatebruksplanen for Midtbyen og sykkelveg i Fjordgata store utfordringar.

Følg Adresseavisen Debatt på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter