Me treng alt engasjement me kan få. Då må me ikkje støyta vekk korkje gamle gubbar eller gamle kjerringer., skriver Rigmor Bjerche.  Foto: Privat

LO i Trondheim sett frå innsida

Eg er 2. nestleiar i LO i Trondheim, og eg er kvinne. For seks år sidan vart eg valt inn i styret som 5. vara, føreslått av ein frå mitt eige forbund Skolenes landsforbund. I dei åra som har gått har eg lagt ned mykje tid og engasjement i verva eg har hatt og har i LO i Trondheim. Styremøta er lange seansar som føregår på ettermiddag og kveldstid og mellom dei er det rikeleg å lesa og jobba med. Verv i LO i Trondheim er ikkje eigna som karrierestige for folk som vil opp og fram, men viss ein har engasjement og vil driva med faglegpolitisk arbeid, er det svært meiningsfullt og utviklande å vera med.

LES OGSÅ: Byrkjeflot fikk ny tillit i LO

På årsmøtet tysdag 6. oktober var det berre val på eitt «toppverv» i LO i Trondheim. Første nestleiar vart attvald, ingen andre forslag førelå frå valkomiteen si side. Leiar og 2. nestleiar var ikkje på val. Eg såg ikkje nokon kamp om vervet som første nestleiar under årsmøtet i går, og stiller meg difor undrande til Adresseavisen si framstilling om at Mona Berger tapte kampen om å få fleire kvinner i toppverv i LO.

Rekrutteringa til LO i Trondheim føregår ved at forbunda sender inn forslag til valkomiteen. Det er eit veldig viktig prinsipp at så skjer ettersom det er fagrørsla me skal representera, så breidt som mogleg. Det er difor opp til forbunda å syta for innspel som kan gje LO i Trondheim eit styre prega av mangfald. Me i Skolenes landsforbund gjorde jobben vår, og ho me hadde føreslege, vart vald inn på varaplass. Både vara og faste styremedlemmar kan møta på styremøta til LO i Trondheim. I styret som vart valt i går er det åtte kvinner og ti menn inkludert vara, utanom vara er det lik fordeling mellom kjønna.

LES SAKEN: Krangel om Byrkjeflot, Denstad og Arentz i Trondheim LO

Å kalla LO i Trondheim eit gubbevelde er både trist og stigmatiserande for oss som brukar kreftene våre på seriøst faglegpolitisk arbeid der. Eg hadde gjerne sett at det i større grad var kvinner som ville ta leiarposisjonar hos oss. Då eg takka ja til å vera 2. nestleiar, var det langt frå noko kampvotering om vervet (kanskje fordi det er ubetalt?). Det må vera ein vilje til å ta på seg leiarroller, og det er forbunda og valkomiteen sin jobb å finna kvinner dei meiner er kapable til verva.

Ved å gå ut slik Mona Berger og ein del andre frå FO har gjort i eit lesarinnlegg på Trønderdebatt, skapar dei svært uheldige motsetnader mellom ulike aldersgrupper og kjønn. Eg opplever det som rein aldersdiskriminering når Mona Berger i nemnde innlegg og frå talarstolen signaliserer at me godt vaksne bør ta med oss engasjement og kompetanse og forlata verva våre fordi me står i vegen for unge som vil engasjera seg. Med eit Arbeidarparti nede på 18-talet og ei brunstig høgreside eit knapt år før stortingsvalet må me samla i staden for å splitta. Me treng alt engasjement me kan få. Då må me ikkje støyta vekk korkje gamle gubbar eller gamle kjerringer.

Følg Adresseavisen Debatt på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter