- Kjære Abid. La oss saman få halde fram å løfte fram maten og drikken som knytter sterke bånd, skriver debattantene. Statsråd Abid Raja (V) under et besøk ved Geitmyra Matkultursenter.   Foto: Terje Pedersen

Hyller matfestival: Abid, vil du ta frå oss dette?

Det har samla ein heil region. Det har fått folk frå heile Noreg til å igjen reise til Nidaros. Hit vil og verdspressa reise. Herr kulturminister, tør du verkeleg legge det ned?

Tre dagar til ende. Tre dagar med åtgaum. Tre dagar med lykke, glede og eit folkeliv som dei fleste av oss lengtar ekstra etter i desse tider. Oi! Gjev meirsmak og meirverdi heiter det i visjonen. Den trønderske matfestivalen har gjennom 15 år klart å samle folk frå heile Trøndelag til ein folkefest ein heil region verdsett svært høgt. Det får folk frå inste dal, frå vidda, frå kysten og byen til å gå saman og setje pris på det her me her i Trøndelag har som er heilt unik. Råvarer og skatter folk kjem akkurat hit for å smake på.

LES OGSÅ: Støtte til Trøndersk matfestival og Bryggerifestivalen i Trondheim

225 000 menneske! Akkurat no, er det eit tal som helsefolk truleg får svettebrot berre dei ser på. Det seier derimot svært mykje om kor stor suksess denne mat og drikkefesten har blitt her i Trondheim. Noko heilt unikt for ein heil region. Som sjømatentusiaster er me mest vande me då reise rundt i verda og sjå kor stor merksemd våre produkt får i nærmare 150 land. Ein japaner er i ekstase når han endeleg får feit makrell utpå hausten etter sesongens fiske. Gleda er ufatteleg stor når italienarane kan smake på årets tørrfisk. Laksen frå Frøya vert jubla for enten det er i Barcelona eller Paris. Som kanskje den einaste i dette land er det nett slik entusiasme og glede Oi! Trøndersk mat og drikke har klart gjennom sitt fantastiske arbeid gjennom så mange år. Det skjer altså her heime, frå folk flest som er vande med ferdigpizza og storhandling på grensa. Tørr vi verkeleg fjerne denne entusiasmen?

LES OGSÅ: Frykter at det nærmer seg slutten for en av de største festivalene i fylket

Det er svært mange som er råka av 2020s enorme store utfordring. Idrett, næringsliv og arbeidsledige. Alle er sjølvsagt like viktige. Alle treng eit lyspunkt. Sjølv om festivalen i år vart gjennomført på lokalt nivå spreidd på godt vis over heile regionen, seier det seg sjølv at å miste fleire hundretusen publikum har gjort noko med øknomien. Oi! er særs hardt råka og har heller ikkje fått den støtta andre i næringlivet har sårt fått.

Vi har noko heilt unikt her i Midt-Noreg. Noko som binder oss saman. Det er noko heilt fantastisk når ein liten by heilt i nord i Europa har klart det magiske å få tre restaurantar i Michelinguiden. For kvifor har dei nett klart det? Sjølvsagt handlar det om entusiasme, stå på vilje og dyktige kokkar. Maten og drikken? Kor får dei derimot den frå?

LES OGSÅ: Det blir Trøndersk Matfestival i år, men den blir ganske annerledes

Vi frå sjømat har knytt band og lært svært mykje frå landbruket, lærdom har sjølvsagt gått begge vegar. Næringsmiddelindustri, landbruk, sjømat, drikkeprodusenter, restauranter og reiseliv, sjølvsagt også kommuner og fylkeskommune. Utan Oi! hadde dette neppe skjedd. Oi! Trøndersk mat og drikke har verkeleg gjennom mange år fått oss til å innsjå denne gleda over kor fantastiske råvarer me har i denne landsdelen. Kjære Abid! Det er nett difor me bed deg om å la oss dette vidare. La oss saman få halde fram å løfte fram maten og drikken som knytter sterke bånd. La oss få halde fram med å gi matentusiaster over heile verda glede over å kome til Trøndelag.

Utan mat og drikke duger som kjend helten ikke.

Følg Adresseavisen Debatt på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter