Forskinga underbygger teorien om at beitedyr totalt sett bidreg positivt i det norske klimaregnskapet, skriver Ester K. Hasle.  Foto: Marianne Tønset

Nyt biffen - reduser materielt forbruk

I Adresseavisen 20. august kritiserer Synnøve Vereide Trygve Slagsvold Vedum sin skepsis mot kjøtfri måndag. Eg skulle ynskje at Vereide var oppteken av klimaavtrykket frå vårt stadig aukande forbruk, og særleg flyreisene.

FN ber om at verdas matproduksjon aukar 60 prosent innan 2050 og ber alle land om auka matproduksjon tilpasse naturgitte forhold. Noreg har gras og beite til å vera sjølvforsynte med kjøt, berre én prosent av arealet er eigna til å dyrke menneskemat.

LES OGSÅ: Vi trenger et avgiftssystem som oppmuntrer til klimavennlig atferd

Fly utgjer to prosent av verdas klimautslepp - so lågt fordi over 80 prosent av verdas folk aldri har floge (B. Aamaas, seniorforskar, Cicero). I Noreg gjev transport, særleg fly, vårt største klimaavtrykk. Dess rikare du er dess fleire lange flyferiar. 20-prosenten av folka i Noreg med høgast inntekt har klimaavtrykk per person som er fem gonger så stort som dei 20 prosent med lågast inntekt, i følgje Aamaas. Ein flytur til Thailand gjev like store utslepp som ein kjøtkakemiddag per veke i 40 år!

Kles- og møbelkonsumet er utsleppsversting nr. to i Noreg (The Carbon Footprint of Norwegian Household Consumption 1999–2012). Ifølgje UNCTAD gjev klesindustrien åtte prosent av globale utslepp, Noreg er på forbrukstoppen, og forbruket aukar. Kvar nordmann kastar 23 kilo klede i året (Sifo: Klesforbruk i Norge).

LES OGSÅ: Vi bør produsere og spise mindre kjøtt

15 prosentav globale utslepp er frå husdyr, men i Noreg bidreg husdyra no berre med 4,5 prosent av klimagassane, på grunn av friske, produktive dyr. I Noreg et vi relativt lite kjøt: FAO sine tal for kjøt per person/år: USA 125 kg, OECD-landa 86 kg, Danmark 90 kg, Noreg 68 kg.

I rapporten «Beitemarka – et ukjent karbonlager» har Agri Analyse saman med CLIMATE-LAND samla internasjonalt publisert forsking knytt til lagring av karbon i beitemark. Prosjektleiar Hillestad seier til landbruk.no at denne forskinga underbygger teorien om at beitedyr totalt sett bidreg positivt i det norske klimaregnskapet. Men husdyras positive bidrag er utelatne i klimaregnskapet. Forsking på fôr som reduserer metan i vomma er lovande. Og krøttermøkk blir til biogass i stadig større omfang.

LES OGSÅ: For mange kjøtthau i debatten om mat

Drastisk kutt i norsk kjøt vil gjera landet endå meir sårbart om import av matvarer skulle bli hindra ved globale kriser. Endra klima, med meir plantesjukdomar og insektangrep vil stadig oftare gje avlingssvikt i grøntsektoren, regionalt og globalt. Vi kan få matmangel før vi anar. Ei ku kan slaktast no, om ein månad eller om to år. Kvar ku er eit levande kriselager med proteinar.

Nyt biffen og fårikålen! Ny forsking endrar beitedyras status frå miljøversting til besteven og sikrar vår matvareberedskap.

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter