Ola Mæle (t.v) og sønnen Harald Mæle. Fra henholdsvis 1926-kullet og siste kull ved landsgymnaset på Follo, som nå er rivingstruet.  Foto: PRIVAT

Ei lita familiekrønike

Eg trur min far Ola Mæle, gammelpræsten på Snåsa og i Oppdal, kjem til å romstere i grava utafor Oppdals-kjerka om Orkland kommune og fylket gjer alvor av å rive den gamle hovedbygninga til landsgymnaset på Follo.

LES OPPKLARINGEN: Fylkesrådmannen svarer: Ikke aktuelt å rive hovedbygget

Far kom dit i 1926 og tok realartium i 1930. Han var odelsgut på ein gard uti Stemshaug, men aukande astmaplager utover i 20-åra tvinga han til å gå skolevegen. Før 1923 ville det betydd Trondheim eller andre bygymnas, men lærdommens nye paulun på Follo var ein sykkeltur på berre 20 mil unna.

Den gamle hovedbygninga til landsgymnaset på Follo.  

Landsgymnasa var dei nye læreseta for elevar frå grisgrendte bygdelag. Dit drog dei med ymis lærdom frå ihuga folkeskolelærarar og andre lokale kulturbærarar, sammen med det dei hadde soge av eige bryst. På Follo kom dei inn i den intellektuelle kretsen rundt skolehøvdingen Asbjørn Øverås, som dreiv gymnaset i Orkdal fram til å bli eit av dei beste i landet.

Far min og dei andre kom til Follo fordi det var porten til parnasset, fordi dei visste at gymnaset der ville klargjere dei for studium på høgste nivå, om det var slikt dei tok sikte på. Men dei kjente seg også heime der, på ein gard, i ei bygd, der dei slapp å lide same skjebne som Daniel i Bondestudentar.

LES OGSÅ: Skolebygningene på Follo: Et historisk monument

Nærare førti år seinare kom eg sjøl til Follo, som elev i det siste kullet i det skoleeventyret landsgymnasa var mellom 1911 og 1965. Det var da kome opp eit par nye undervisningsbygg og ein gymhall var òg i emning, men hovedbygningen sto der og stabburet kneisa trassig i bakgrunnen, slik at også eg kjente meg heime ut ifrå beskrivelsane og anekdotane til far min. Det var som om historia, stemninga og liva som var levd der, satt i veggane og låg som ein usynleg dåm over heile området.

Spennet mellom dei gamle urbygningane og dei funksjonalistiske bygga av nyare dato er konkrete spor, som betre enn ord, fortel om eit uhyre vellykka kulturhistorisk og skolepolitisk tiltak som svært mange ser tilbake på med stor takksemd.

Kontoret på Steinkjer må ikkje stelle seg slik at det blir med dei som med superarkitekt Niels Torp, som konfrontert med sine eigne prosjekt på Tjuvholmen og Aker Brygge i Oslo nyleg, kom med eit hjartesukk: «Vi har gjort så mye galt, at det er ikke til å tro!»

LES OGSÅ: Fylkeskommunal hushai

Følg Adresseavisen Debatt på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter