By og land hand i hand – for vi byfolk kjem til å bli endå meir avhengige av bøndenes produksjon i framtida, skriv Ester K. Hasle (Sp).  Foto: Terje Svaan (ARKIV)

Sjølvforsyning på historisk lågt nivå 

I Urix den 24. mai fortalde den svenske landbruksministeren, Jennie Nilsson, om storsatsinga på landbruket no i alle delar av Sverige. Det er sett av milliardbeløp, og ein kan vente ytterlegare overføringar. Ho seier koronakrisa har synt svenskane kor viktig det er med nasjonal matproduksjon. Sverige var omtrent sjølvforsynt med mat fram til nedbygginga av jordbruket deira starta då landet søkte medlemskap i EU - no er sjølvforsyningsgraden berre 50 prosent.

LES OGSÅ: Stolt over jobben, bekymret for framtida

Ferske tal frå Nibio syner at norsk sjølvforsyning både i 2018 og 2019 fall ned til historisk lågt nivå, og er no 45 prosent. Om vi trekkjer i frå importert dyrefor er sjølvforsyninga vår berre 36 prosent. Det er i særklasse lågast i Europa og bør skræme alle oss som ikkje er i stand til å produsere maten vår sjølve.

Finland minner oss om vår sårbarhet. Dei har sterkare forsvars- og beredskapskultur enn andre land i Norden. Sverige, Danmark og Norge har bygd ned beredskapslagera sine, og også bygd ned medisinlagera. Norske kornlager vart nedlagde i 2003. Finland har over mange år bygd opp beredskapslager av korn, drivstoff og ei rekkje andre daglegvarer, dessutan legemidlar og medisinsk utstyr.

Statsråd Nilsson fortel at eit mål for den svenske regjeringa er å skape liv i bygder som har opplevd fråflytting, og nedlagde gardsbruk skal atter få lys i vindaugo. Ho seier det er viktig at gardane er til å leva av. Akseptable årsinntekter vil også betre rekrutteringa.

LES OGSÅ: Husdyrproduksjonen må ned for å sikre matberedskapen

Den norske regjeringa burde lære av svenskane og satse på landbruk og auka sjølvforsyning. I ei krise der verda svelt er det usolidarisk å tenkje at Noreg kan kjøpe seg ut av problema fordi vi har oljepengar, og i krisetider blir det kanskje slett ikkje noko å få kjøpt. So langt har regjeringa vår bidrege til sentralisert matproduksjon, gjennomsnittleg inntekt for bonden er no redusert til 2015-nivå, og ingen av krisepakkene so langt hjelper dei bøndene som har vorte hardt råka i desse koronatider. Auka produksjon av trygg norsk kvalitetsmat i heile landet er svært viktig for framtida, og lagring av matkorn er nødvendig for norsk beredskap.

Trondheim senterparti vil fortsatt arbeide for auka norsk matberedskap, med god lønnsemd for norske bønder og utvikling av mest mogeleg norskprodusert dyrefor. Vi vil utnytte all beite- og dyrkamark, behalde og utvikle biobaserte arbeidsplassar i heile landet. By og land hand i hand – for vi byfolk kjem til å bli endå meir avhengige av bøndenes produksjon i framtida.

Les om våre nye debattsider: Kjære leser og debattant i Adresseavisen: Du har mye å glede deg til!

Følg Adresseavisen Debatt på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter