Årsskiftet er tradisjonelt eit tidspunkt for å setje seg mål for nye opplevingar. Til meg kom det heilt av seg sjølv denne nyårshelga: Eg fekk møte på legevakta for første gong. Bakgrunnen var nokså banal: I eit anfall av overmot ville eg teste ut ståhjulingen barnebarnet hadde fått til jul. Det vart med éi rørsle: Eg fall rett i flisgolvet med hovudet først.

LES OGSÅ: Vi må redde fastlegeordningen

Helsekyndige familiemedlemer meinte eg trengte å få sydd kuttet i hovudet. Dermed var eg i gang med den nye erfaringa mi. På vakttelefonen vart eg venleg og sakleg orientert om at eg hadde valt eit særs uheldig tidspunkt å skade meg på, eg måtte rekne med ventetid sidan legevakta hadde stor pågang i helga. Planlagd oppmøtetid vart tre timar etter fallet. Det var greit for meg, eg kunne halde fram med romjulssyslar med familien medan eg venta. Eg fekk SMS med stadfesting av oppmøtetida.

LES OGSÅ: Fastlegeordningen er avhengig av tilskuddet per pasient, og det må økes

Vel framme på legevakta fann sjukepleiaren som tok i mot meg opplysningane eg hadde gjeve straks eg gav opp personnummeret, eg trengte ikkje take opp att noko. Så vart eg beden om å setje meg å vente til eg vart ropt opp. Det var ein jamn straum av menneske inn døra til legevakta, men det kom også nokre ut. Men pågangen sa meg noko om at her kunne eg bli sitjande ei tid. Så skjedde ikkje. Fem minutt etter tida eg først hadde fått oppgitt vart namnet mitt ropt opp på eit tydeleg høgtalaranlegg. Ein ny sjukepleiar møtte meg innafor døra, eg trong ikkje gje frå meg opplysningar ein gong til, men blei klargjort for sying med det same. Nokre minutt seinare var legen i gang med å reparere følgene av overmotet mitt, og etter totalt ein drøy halvtime kunne eg dra attende til familieselskapet. No med ein høveleg plasterlapp i panna, og skriftleg orientering om oppfølging i lomma.

LES OGSÅ: Fastlegeordningen må styrkes- ikke bare styres

Legevakta i Trondheim har innimellom fått kritikk for lange ventetider og oppleving av dårleg organisering. For meg vart det tvert om: Eg møtte tilsette som samhandla saumlaust med kvarandre, og som gav meg den hjelpa eg trong godt og effektivt. Vi menneske er gjerne slik skrudd saman at vi er snarare til å seie frå når noko ikkje går heilt greitt enn når noko fungerer bra. Men det kan vere at mi oppleving av legevakta er den typiske.