Fotograf Skjold Hilfling-Rasmussen (1895-1968), sønn av fotograf Frederik Hilfling-Rasmussen, fotografert i 1956. Han var tema i Ukeadressa nylig. Kronikkforfatteren tar opp temaet lagring av gamle bilder.   Foto: Skjold Hilfling-Rasmussen/NTNU Universitetsbiblioteket

Fotobevaring i museums- og historielag

Historie- og museumslag tar vare på viktig kulturarv som det er stor sjanse for ville ha gått tapt om ikkje dei frivillige hadde tatt ansvar. No må vilkåra for å nytte løysingane som dei offentlige institusjonane nyttar, kome på plass.

For ei tid tilbake kunne vi i Ukeadressa lese om den store fotosamlinga etter fotografen Hilfing-Rasmussen ved Universitetsbiblioteket i Trondheim og den tilrettelegginga som blir gjort for publikums tilgang og bruk av denne samlinga. Tilsvarande forvaltar mange av våre kulturhistoriske museum store fotosamlingar og gjer dei tilgjengelig for publikum på DigitaltMuseum. Dette er ein felles database for norske og svenske museum og samlingar.

LES OGSÅ: Alle skulle innom den danske fotografen

Men det er ikkje berre offentlige institusjonar som forvaltar store bildesamlingar. Mange av museums- og historielaga tar vare på, registrerer, skannar og gjer fotomateriale tilgjengelig. Dette blir gjort etter beste evne og muligheit. Laga har investert i nødvendig teknisk utstyr og disponerer ein stor frivillig ressurs i form av arbeidstimar til registrering og skanning. Laga har gjerne også gode kontaktar slik at bildemotiv kan identifiserast når det gjeld personar, stader og tidspunkt. På den måten får dei gjort uerstattelig arbeid for å skaffe opplysingar om bilde slik at dei får auka verdi som kjelder.

Skrive for Midtnorsk debatt? Les mer her!

Det varierer kva verktøy som blir nytta i dette arbeidet. Under eit seminar om fotobevaring for historielaga i Trøndelag på slutten av fjoråret kom det fram at dei laga som er aktive på dette feltet, nytter seg av ulike system for registrering og publisering. Også kva for løysing som er vald for lagring av fotodatabasar, varierer.

Enkelte lag er til dømes opptatt av publiseringsløysingar og delingskultur, nyttar kommersiell programvare og publiserer på Flickr. Flickr er ein amerikansk plattform for publisering av foto og video og er også eit nettsamfunn. Trondheim byarkiv publiserer til dømes på Flickr, men det er få historielag som brukar denne plattforma.

Nokre lag brukar systemet til biblioteka, har ingen kostnadar med det, kan overlevere til biblioteket og lagre lokalt. Dette er ei mulig løysing for fleire, men er avhengig av samarbeid med det lokale biblioteket. Det finst også lag som har eigne nettløysingar for foto. Det kan ha vore ein opptakt med samarbeid med offentlige instansar der resultatet til sjuande og sist vart at historielaget valde å starte eit eige opplegg, opplegg som også andre lag finn å kunne kopiere.

LES OGSÅ: Forlot kremjobb og flyttet til Trondheim. Jobben han gjorde gir unikt blikk inn i byens historie

På det nemnde seminaret vart det poengtert at det er sterkt ønskelig med utforming av ei felles løysing for lagring av foto med metadata frå samlingar som er etablert og tatt vare på av frivillige aktørar. Det vart også understreka at dei løysingane som skal brukast, bør vere enkle og ikkje føresette at brukarane er datanerdar.

Dei offentlige musea og samlingane nyttar seg som nemnt av ein felles database med publisering på DigitaltMuseum. Det verktøyet som blir brukt i sjølve samlingsforvaltninga, går under namnet Primus og blir drifta av selskapet KulturIT. Dette selskapet har også utvikla ei løysing dei kallar Primus for historielag. Denne løysinga blir tilbode via regionale museum. Museet kan bistå historielaga med å komme i gang og hjelpe til undervegs. Men uansett vil det vere oppstartskostnadar og faste driftskostnadar for historielaga med eit slikt system. Sett i forhold til offentlige budsjett utgjer desse kostnadane svært små beløp, men på historielaga sine budsjett utgjer dei mykje og kan vere vanskelig å skaffe.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Det historiske fotodatabasane som er bygd opp i frivillig regi, har ei usikker framtid med tanke på oppbevaring og tilgjengeliggjering, Det er stor risiko for at fotomateriale og informasjon som er kopla til bilda, kan gå tapt. Det er også frustrerande for dei som likevel arbeider aktivt med fotobevaring, å vite at resultatet av arbeidet deira kanskje var forgjeves.

I mangel av gode fellesløysingar har mange lag tydd til ulike kommersielle aktørar med den risikoen det kan medføre med tanke på varig drift. Eit døme kan vere Agdenes historielag. Laget har sidan 2012 vore knytt til eit privat firma med database for foto, ei løysing som har vore tilpassa historielag. Laget har gjort ein kjempejobb med registrering og digitalisering av bilde. Dei har lånt inn fotoalbum og har fått god hjelp av eldre folk til å tekste bilde. Kvar veke har dei hatt framvising på helsesenteret for bebuarane der og andre interesserte. Dette har også gitt god hjelp til registrering av gamle bilde. Agdenes historielag har vore godt fornøgd med den databasen dei har nytta, og mengder av bilde med tekst er lagt inn i basen.

Så skjedde det som ikkje skulle skje, men som likevel er ein risikofaktor når det er snakk om kommersielle aktørar: Firmaet som hadde drifta nettsidene, bytta ekstern server, og etter det er heile databasen til Agdenes historielag blitt borte. Rett nok har historielaget fått beskjed om at det blir jobba daglig med å redde tekst og bilde, men no har dei venta lenge, og fryktar at dei har mista alt.

Historie- og museumslag tar vare på viktig kulturarv som det er stor sjanse for ville ha gått tapt om ikkje dei frivillige hadde tatt ansvar. Men så lenge vilkåra for å nytte løysingane som dei offentlige institusjonane nyttar, ikkje er på plass, er det fare for at det oppstår fleire slike tapstilfelle. Da var ikkje berre det frivillige arbeidet forgjeves, men eit stort og verdifullt kulturhistorisk materiale ville gå tapt.

Det var å ønske at kommunane ytte det som er nødvendig for at lag som forvaltar fotosamlingar, er i stand til å betale oppstarts- og driftskostnadar for samlingsforvaltning i Primus. Midlar kunne øyremerkast til føremålet. Resultatet ville bli at store samlingar av historiske foto ville bli tilgjengelig for oss alle.

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe!