I boka Fange 37722 i Ravensbrück fortel Stig H. Christensen og Unn Christensen, som er son og dotter til Meta, om mora og tida i konsentrasjonsleiren, skriver kronikkforfatteren.  Foto: Museumsforlaget

Meta – Trondheimsjente i Ravensbrück

Ei novembernatt i 1943 vart 21 år gamle Margrete Sæther, eller Meta, som ho vart kalla, arrestert og ført til Misjonshotellet i Trondheim. 

Der ho vart avhøyrt av Gestaposjef Flesch. Ho arbeidde i framandavdelinga på politikammeret, noko som gav henne høve til å skrive ut falske pass for folk som måtte flykte. Ho hadde også tilknyting til ei kommunistisk motstandsgruppe. Etter avhøyret vart ho send til Falstad og Grini, deretter til kvinneleiren Ravensbrück. Her var ho til fangane vart henta av dei kvite bussane i april 1945. I boka Fange 37722 i Ravensbrück fortel Stig H. Christensen og Unn Christensen, som er son og dotter til Meta, om mora og tida i konsentrasjonsleiren.

LES MER I DAGSAVISEN: Det umulige har vist seg å være mulig

Kristian Ottosen, som hadde inngåande kjennskap til tyske konsentrasjonsleirar, seier at råskapen i Ravensbrück må ha overgått det meste av det norske mannlege fangar i Tyskland fekk gjennomgå. Det var 103 norske kvinner i Ravensbrück, 95 kom attende til Noreg. Kvinnene arbeidde i den tyske krigsindustrien. Kvardagen var prega av svolt, trakassering, liding, brutalitet, lange appellar, underskot på svevn, umenneskeleg hardt arbeid, medisinske eksperiment og psykisk og fysisk tortur. Lopper og lus forsynte seg av dei utmagra kroppane. Helseundersøkingar kjendest ekstra nedverdigande, kvinnene sto nakne i kø og vart kommenterte og glodde på av mannlege fangevaktarar. Meta kom på sjukestova ein gong. På vaskerommet var det stablar av lik, og uansett kor sjuk ein var, galdt det å komme seg ut av sjukestova, både på grunn av smittefare og av redsel for å bli sendt til gasskammeret og krematoriet. Det var også barn i leiren. I den grad dei hadde krefter til å leike, var leiken kopi av dei vaksnes verd: stå på appell, transport til leir, avretting, å spele død. Hjarteskjerande er å lese om sigøynerbarna som var så glade fordi dei hadde fått på seg reine kjolar – dei visste ikkje at dei skulle rett i gasskammeret.

Trass all vondskap, brutalitet og gru klarer kvinnene å mobilisere motkrefter. Medfangar kåserer om Ibsen og Undset, song bidrar til styrke og fellesskap. Særleg gjorde dei russiske kvinnene inntrykk, dei låg på briskane og song så taket nesten løfta seg. Forfattarane peikar på at mange av kvinnene var høgt utdanna og godt skolerte og høyrde til dei beste motstandsfolka i Europa.

I boka blir ein stadig konfrontert med det ufattelege: Det er ufatteleg at menneske kan overleve under slike umenneskelege vilkår. Enda meir ufatteleg er det at dei klarer å halde på menneskeverdet. Aller mest ufatteleg er det at dei maktar å reise seg og seinare bruke så rystande erfaringar og opplevingar til beste for medmenneske og samfunn. Eit ledd i å overleve var å skjerme seg ved å gjere seg hard. Meta formulerer det slik: «Intet måtte vi la gå inn på oss, for da var vi ferdige.» Men stundom sprekk panseret: Da ei av kvinnene får ei julepakke der det er lagt inn ein liten grankvist, fossar gråten fram. Meta har ein eldre medfange som gir henne tru på at dei skal overleve, sjølv om dette er ei kvit løgn for den eldre fangen. Samhald og solidaritet gir også styrke, dessutan Røde Kors-pakkene for dei som får det.

Skrive for Midtnorsk debatt? Les mer her!

Korleis klarer ein å bevare menneskeverdet? Evne til refleksjon har sikkert bidratt til at Meta var medviten om dei verdiane ho ville halde fast på. Om tida i konsentrasjonsleiren seier ho: «Jeg ville fryktelig gjerne unnvært det. Men det har liksom ikke kuet meg. Tvert imot kanskje…» I sitatet ligg at ho såg på erfaringane som ein styrke ho kunne bruke vidare i livet, sjølv om dei hadde kosta. Ho hadde ei forankring i noko større enn seg sjølv. Ho ville ikkje hate. Blant dei etterlatte papira hennar er eit notat – truleg skrive tett etter krigen – der ho gir heilhjarta støtte til ein hjelpeaksjon for tyske barn. Ho seier det er ein «strålande» ide og at det er viktig at tidlegare konsentrasjonsfangar engasjerer seg slik at ikkje uskyldige barn blir utsette for hemntankar berre fordi dei er tyskarar.

Meta klarte å reise seg og bygge livet vidare. Ho studerte psykologi og gjekk til psykoanalyse, som ga henne innsikt i menneskesinnet og også hjelp til å bearbeide traume. Etter utdanninga arbeidde ho som skolepsykolog, og ho la ned eit stort arbeid med funksjonshemma barn. Ho var utrøyttande i arbeidet med å gjere verda betre: ho engasjerte seg politisk, mot krig og nynazisme, for fred og nedrusting. Ho døydde i 2011. Ho var ei glad og livskraftig mor, men krigsopplevingane sleppte aldri tak i henne. Mot slutten av livet låg ho i senga og såg på ei open skåpdør. Ho ba om at døra måtte latast att, «det var som om hele Ravensbrück-helvetet kom ut av det skapet, og hun ba seg fritatt, for siste gang,» fortel forfattarane.

Boka om Meta Christensen, som vart namnet hennar gjennom ekteskap, bidrar med kunnskap om kvinners liv og innsats under andre verdskrigen. At boka er skriven av hennar eigne barn, gjer framstillinga ekte og autentisk, nær og personleg. Trass i at dei skriv om si eiga mor, klarer dei å halde ein nøktern tone og profesjonell avstand. Så er da også begge to erfarne journalistar. Dei har sett historia om Meta inn i ein større historisk samanheng der dei mellom anna gjer greie for nazismens ideologi og menneskesyn. Det er ikkje alltid dei tjukke bøkene som er viktigast. Dei tunnare bøkene kan ofte fortelje oss meir, slik som boka om Meta, ungjenta frå Trondheim som vart fange 37722 i Ravensbrück.

Følg Adresseavisen Midtnorsk debatt på Facebook!