Trollheimen er historisk sett eit villreinområde. Høgsterett slo i 1981 fast at «.. .samene ikke har en historisk ervervet rett i de områder denne saken gjelder.»

Samefolket har feira 100-års jubileum for det første samiske landsmøtet. Både Rørosmuseet og Vitenskapsmuseet har markert dette med utstillingar og foredrag. Det har òg vore fokus på reindrifta i Trollheimen. Men denne saka har fleire sider, nokre kontroversielle som eg her vil kome inn på.

Bygdefolket har gjennom mange tusen år veida villrein i Trollheimsfjella. Sjølv om samar innimellom streifa omkring med små tamreinsflokkar, var det først og fremst norønne veidefolk som utnytta viltressursane. Det viktigaste villreintrekket gjekk ved Fagerheim på Oppdal, mellom kontinent-ale fjellstrøk og frodige fjellbeiter i vest. Fire hundre dyregraver her vitnar om dette. Men utbygging av veg og jarnbane sette ein stoppar for dette trekket. Trollheimsreinen vart isolert, men innimellom vandra det framleis rein mellom Dovre-området og Trollheimen, m.a. ved Lønset på Oppdal. Seint på 1800-talet var reinstammane sterkt reduserte etter kraftig jakt. Slik var det òg i Trollheimen. Etter nokre år med totalfreding, vart det jakta villrein i alle fall fram til 1914. Restane etter den gamle villreinstammen fantes framleis i sørlege og vestlege fjellstrøk enno i mange år framover, kanskje heilt fram til 1980-talet. Men da var villreinen samanblanda med forvilla tamrein etter at reineigarane miste kontrollen med reindrifta på 1940-talet.

LES OGSÅ: Sijhtem voelegem

LES OGSÅ: Ødeleggelse av norsk kulturarv har blitt en norsk kulturverdi

Les også kronikken: Uverdig behandling av samene på Fosen

I tida framover til slutten av 1800-talet er det ingen kjelder om samanhengande reindrift i Trollheimen. Forfedrane til dei samefamiliane som i dag driv reindrift kom frå Røros-traktene. Ved kongelege resolusjonar i 1899 – 1902 vart tamreindrift forbode for alle kommunane i Trollheimen bortsett frå Meldal. Mange samar flytta då ut, men etablerte seg på nytt med reindrift utover på 1900-talet. På den tida vart det òg drive med reindrift av nokre grunneigarar. I åra etter krigen var det om lag seks tusen rein i Trollheimen, dei fleste forvilla og umerka. Grunneigarane søkte mange gonger om løyve til villreinjakt, men det vart alltid avvist av Viltdirektoratet. Det var leiaren av viltkontoret som handsama søknadane. Han var same og tidlegare tilsatt på Reindriftskontoret. I alle aktuelle saker gjorde han det han kunne for å fremja samane sine interesser.

Les også: - Samisk kunst er noe av det heteste i den internasjonale kunstverdenen

Saka om villreinjakt og beiterett for tamrein kom til slutt opp i Høgsterett i 1981. Samane tapte saka. Retten «.. finner det klart at samene ikke har en historisk ervervet rett i de områder denne saken gjelder.» Etter dette måtte reineigarane ha løyve frå grunneigarane for å kunne fortsette drifta, men dei fekk ikkje tilstrekkelege leigeavtalar. Etter ein interpellasjon i Stortinget var det ei oppfatning at det var politisk vilje til å fortsette reindrifta i Trollheimen. Men det var berre nokre få som tok ordet i debatten og saka var ikkje lagt fram for Stortingen gjennom ei eige melding. Endskapen vart at Stortingen i 1984 vedtok ei særlov som gav staten rett til å ekspropriere beiterett i 60 år. Det vart gjort i 1987. I Frostating Lagmannsrett i 1999 vart grunneigarane tilkjent erstatning for tapt villreinjakt.

Etter grundige utgreiingar av m.a. det såkalla Samerettsutvalet er det no foreslått å innføre ein ny rett for samiske områder. Denne retten skal òg gjelde for Trollheimen. Det vil kunne få omfattande konsekvensar m.a.:

Oppretting av ein særdomstol for samiske reinbeiteområder. Ekspropriasjon av reinbeite i dei fjellområda der reindrifta til no har vore basert på leigeavtalar, m.a. Kråkvasstindområdet og fjella lengst i vest mot Sunndalen og Todalen , og Igelfjell/Grefstadfjellområdet i Meldal (der leigeavtalane no er oppheva). Reintalet skal aukast til 2500 rein i vårflokk, frå 1600 i dag. Rett til reinbeite i låglandet (såkalla sekundærområde). Bygging av husvære (felleshytter) for reingjetarar, m.a. i Snota-området, Storlidalen, Mellomfjellet og sør – vest for Gjevilvasskamman. Utvida adgang til bruk av helikopter, snøskuter og terrenggåande barmarkskjøretøy.

Høgsterettsdomen av 1981 om at samane ikkje har «historisk ervervet rett» til reindrift i Trollheimen vil være problematisk ved innføring av den nye sameretten fordi denne retten berre skal gjelde i «tradisjonelle samiske områder». Ein trur likevel ikkje at denne saka kjem oppatt i rettssystemet med det første.

Samerettsutvalet meiner at Trollheimen bør bli samisk område, jf. NOU 2007, 13: «Imidlertid har det i alle fall siden 1870-tallet vært drevet kontinuerlig samisk reindrift i området. Det er derfor nærliggende også å anse de aktuelle delene av Trollheimen som en del av de tradisjonelle samiske områdene. I alle fall må disse arealene anses som et «samisk bruksområde» i mandatets forstand.» At den samiske reindrifta i Trollheimen har vore ulovleg i 90 år blir ikkje vektlagt; heller ikkje at dette har vore eit villreinområde gjennom all historisk tid. Det kan sjåast ut som om dei som kjempar for samane si sak no driv ei systematisk og målretta verksemd for å nedgradere Høgsteretten. Såleis skriv Daniel Johansen her i avisa (13. jan 2017) at denne retten byggjer på eit «historisk falsum». Og i eit foredrag på Røros 9. nov.2017 i år fortalde stipendiat Håkon Hermanstrand at denne dommen var «himmelstormende feil».

Ordførar og grunneigarar i Surnadal er sterkt kritiske til innføring av den nye sameretten. Grunneigarane vil arbeide for att tamreinsdrifta i Trollheimen skal kunne halde fram utan å vere ein del av samerettsområdet, men peikar på at Trollheimen historisk sett er villreinområde.

Hør vår debatt-podkast: - Man må kunne tåle karikaturer av profeten

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

Nils Røv