Samtidig som krigen mellom Ukraina og Russland pågår for fullt, med resten av Europa og verda utanfor som meir eller mindre heilhjarta våpenleverandørar og heiagjeng på den eine eller andre sida, har FN nyleg hatt stort møte i Wien om nedrustning og internasjonale atomvåpenavtalar. Samtidig blir det 6.og 9.august markert at det er 77 år sidan byane Hiroshima og Nagasaki vart utsletta av atomvåpen.

Slik situasjonen no ser ut, er det ikkje rart at mange unge ser mørkt på framtida. Politiske leiarar synest å sjå stadig fleire og meir avanserte våpen som einaste vegen ut av krigen i Ukraina, med meir død og øydelegging og fleire større og utilsikta konsekvensar og ulykker – og store inntekter for våpenlobbyen. Russland trugar med å bruke atomvåpen dersom landet føler seg pressa til det, og i siste instans er det atomvåpna som også er NATO-landa sitt fremste «forsvar». Det atomvåpenforbodet som FN arbeider for og som 122 land vedtok i 2017 og som no over 60 land har bunde seg juridisk til, synest lite verd. Noreg er blant dei landa som synest å stole på atomvåpna som eit avgjerande «forsvarsvåpen». I alle fall har landet ikkje slutta seg til FNs atomvåpenforbod. Den alleuropeiske tryggingspolitikken som var på offensiven rundt årtusenskiftet, synest for tida totalt å ha havarert. Mange land har medansvar for det.

I tillegg synest det i dag å vere lite bekymring for miljøkonsekvensane av krigføringa i Ukraina og i andre delar av verda. Ein treng ikkje vere rakettforskar for å sjå at aukande mistillit og moderne krigføring ikkje er noko positivt bidrag til den enorme globale klima- og miljødugnaden som må til dersom levevilkåra for generasjonane etter oss skal gi grunnlag for optimisme og ei god framtid.

Vil du vite mer om hvordan du skriver for Midtnorsk debatt? Les mer her!

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe