Folk er bekymra for demokratiet på grunn av aksjonar i Stortinget og på Elgeseter bru i Trondheim. Ver heller bekymra for demokratiet og grunnleggande samfunnsverdiar når oljesatsing er i ferd med å øydelegge framtida. Grunnlova paragraf 112 forpliktar oss til å ta vare på klima og natur. Vi gjer det motsette med å satse på olje- og gassproduksjon frå nye felt heilt fram til slutten av dette hundreåret.

Menneskerettserklæringa og FNs barnekonvensjon er norsk lov. Sjølvsagt er det lovbrot å øydelegge livsgrunnlaget for komande generasjonar. Føre var prinsippet? Det tilseier at vi skal slutte med farlege aktivitetar for å unngå skader eller ulykker. FNs klimapanel har advart i mange rapportar, og vi skulle stansa med oljeleiting for lenge sidan viss vi brydde oss om føre var prinsippet.

foto
Ola Dimmen Foto: Privat

Odelsprinsippet – overlate jorda til våre barn i like god stand som vi fikk den sjølve. Barna risikerer å overta vrakgodset etter oss, men vi er «teknologioptimistar». Det betyr jo i praksis å overlate problema til komande generasjonar. Dei må rydde opp etter oss og stramme inn livreima så godt dei kan.

U-hjelp og Internasjonal solidaritet har stått sterkt i norsk politikk i etterkrigstida. Vi får sjå kva som skjer når Noreg blir saksøkt av fattige land som enten druknar av havstigning eller brenn opp av varmebølgjer. Oljenasjonen Noreg er medansvarleg og har pengar på bok.

Aksjonistar har ikkje tillit til demokratiet blir det sagt. Trur vi verkeleg at komande velgarar vil stemme på parti som vil ta opp all olje og gass og forårsake ei global klimakatastrofe? Oljeleiting er eit mykje større trugsmål mot vårt partibaserte demokrati enn pause i spørjetimen i Stortinget og trafikkstopp på Elgeseter bru.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe