Trondheim – vertskap for Noregs største universitet, realfagskommune, teknologihovedstad og eit myldrande gründerliv. Sjølvsagt skal det bli formidla realfag og teknologi, nysgjerrigheit og skaparglede.

Det bør skje på mange arenaer og ikkje minst i eit nytt formidlingssenter.

Trondheim er ein by full av gode historier om folk som har gjort store ting både for seg sjølv, for faget sitt og for samfunnet. I framtida skal me fortelle fleire slike historier. For å få det til må me engasjere byen og me må snakke om forskarar og innovatørar slik me snakkar om fotballspelarar, og om realfag og teknologi slik me snakkar om populærkultur.

Realfag og teknologi handlar om mellom anna identitet. Om me vil ha ein oppveksande generasjon som interesserer seg for å finne framtidas løysingar, må me sikre arenaer der det blir skapt realfagsglede. Der identiteten blir forma etter rollemodellar som har prestert store ting. Eller nokon som har kløna monumentalt, og lært noko av det.

Rollemodellar er viktig for alle. Ikkje berre for barn, men også for unge vaksne, foreldregenerasjonen og besteforeldra.

Vil me bygge ein teknologihovedstad må byens innbyggarar identifisere seg med det. Da må me jobbe med kultur like mykje som med formidling av fysiske prinsipp og teknologiske løysingar. Me må snakke om menneske som både har lukkast og feila. Og me må gjera det mykje og mange stader. Me må fylle byrommet, skolar, barnehagar, scener, media, festivalar, kjøpesenter og stader der folk ferdast og møtast.

Og så må me bygge ein plass. Ein arena. Eit bygg bygd for å eksperimentere med læring, eit laboratorium for formidling og undervisning og ein stad der me kan formidle teknologi og realfag og formidle fortellingar om kva ein kan oppnå som student, forskar eller gründer i Trondheim.

Les også: Stol ikke på magefølelsen når du skal ansette folk

Det finst både vitensenter, vitenskapsmuseum, landets eldste vitskaplege selskap og universitetsbibliotek i byen. Dei jobbar kvar dag jobbar med å utvikle gode tilbod til publikum på mange nivå og plattformer. Desse når årleg godt over 100.000 personar berre i utstillingar og på arrangement. Ny finsk forsking viser at vitensenter og naturhistoriske museum er viktige både for utdanningsval og interesse for realfag.

I over ti år har ein diskutert om det skal byggast ei formidlingssenter i Trondheim. Vitensenteret, NTNU Vitenskapsmuseet og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab – DKNVS er allereie i gang med gode fellesprosjekt.

Med dei rette fasilitetane og eit samla formidlingsmiljø skal det kunne leverast formidling av verdsklasse i Trondheim. Me kan jobbe med formidling som engasjerer og inspirer, men som også genererer ny kunnskap slik Science Gallery i Dublin og London, og Miraikan i Tokyo gjer det.

Vi fulgte folkemøtet om byutvkling direkte

På desse arenaene får barn, ungdom og vaksne delta i faktiske forskingsprosjekt som del av formidlinga. Tenk eit nytt formidlingssenter i sentrum, der internasjonale utstillingar kan koblas saman med byens egne forskningsmiljø. Eit bygg som i seg sjølv er formidling. Formidling av teknologi knytt til energi, tinga sitt internett, klimastyring og gjenvinning. Eit hus med innsida ut, bygd på kunnskap og eit bygg som formidlar av seg sjølv. Og ikkje minst eit bygg med skiftande innhald gjennom året.

Me som daglig jobber med formidling i Trondheim får til stadigheit prospekt for fantastiske vandreutstillingar på høgt internasjonalt nivå. Dinosaurar, verdsrommet, medisin, kunstig intelligens og masse anna spektakulært materiale blir aldri tilgjengeleg for Trondheim fordi byen manglar hensiktsmessige bygg med skikkelege utstillingsareal. Eit formidlingssenter med god plass til store utstillingar kan gjera Trondheim til ein naturleg stoppestad for verdas fremste utstillingar innan teknologi og vitskap.

I den nasjonale realfagstrategien har vitensenter og museum fått ei viktig rolle. Me treng å samle kreftene for å kunne levere innhald nasjonalt. For oss blir det då for smått å berre snakke om eit teknologisenter. Teknologi er ein del av det, men djupast sett så handlar det om å skape ein stad som triggar nysgjerrigheit. Ein stad der ein både blir fortalt historier, får delta, får jobbe praktisk og får både prøve og delta i utvikling av ny teknologi. Eit nytt formidlingssenter blir eit offentleg laboratorium og ein arena for deltakande prosessar.

Les også kronikken: Arbeid er god medisin for psykisk helse

Formidling er så mykje meir enn utstillingar og heidersrom for heltar. God formidling stiller spørsmål. Får deg til å undre. Til å ville veta meir. Krysse grenser. Erkjenne at du har tatt feil, eller har hatt rett, eller at du berre mangla orda for det.

God formidling skjer på mange plattformer. Digitalt, verbalt, i verkstader, på 3D-printere, visuelt, materielt, gjennom kunst og debatt.

Eit formidlingssenter i Trondheim må bli mykje meir enn eit hus fullt av utstillingar. Det må bli navet i eit nettverk av aktivitetar. Ein stad for aktiv forsking og deltakande prosessar. Ein arena kobla opp mot lærarutdanning, forskings- og kunstfagelge miljø ved NTNU. Eit laboratorium for læring og opplevingar, og eit miljø som jobbar saman med resten av byens engasjerte forskings og teknologimiljø.

NTNU Vitenskapsmuseet og Vitensenteret i Trondheim er to av over 700 vitensenter og naturhistoriske museum i Europa og deltar i ei global rørsle for formidling av teknologi og realfag. Gjennom internasjonalt samarbeid ser me at Trondheim har fag og formidlingsmiljø med nettverk og ein infrastruktur som ikkje står tilbake for nokon.

Eit nytt formidlingssenter av internasjonalt format er låghengande frukt i Trondheim. Erfaringa, kompetansen, viljen, fag og næringsmiljøa har me alt. Det me treng er offentlege myndigheiter og eit engasjert næringsliv som ser at kimen til framtidas suksesshistorier ligg i opplevingar, kultur og arenaer som involverer publikum i all vår spennande forsking.

Hør våre kommentatorer snakke om byutvikling, boksing og festivalen Starmus (podcast spilt inn live på Byscenen)

Les flere debattinnlegg på adressa.no/meninger

Følg Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter.