Mitt spørsmål til deg Sanna, er kva kan du som lærar gjere som sikrar elevene lærdom, sjølv om prøver er overstått og karakterane er satt?

Sanna Sarromaa står fram som ein tal-martyr, som stadig kan vise til at det er så mykje betre i Finland, på dei fleste arenaer. Det må vere fint i Finland. Eg er diverre verken finne eller har budd der, men eg har ein god ven som er finsk, som har gått på skule i Finland heile livet, og som framleis bur i landet av dei tusen innsjøar. Vi møttes då vi begge var på utveksling i Tyskland, og gjekk på tysk vidaregåande skule.

Han skildra for meg eit finsk skulesystem prega av stor konkurranse, der det til ei kvar tid ville vere nokon som ikkje bestod eit fag, ettersom det berre ville vere ein viss del av ei klasse som ville kunne gå vidare til neste trinn, uavhengig av karakterar. Dette meinte han var ein god ting, ettersom han meinte at det førte til høgare karaktersnitt for kvart år som gikk. Eg undra meg på korleis det gikk med elevana bak tala, for kven har ansvaret for å sjå dei?

Det same tenkte eg på då eg gjekk å skule i Bayern, i Tyskland. Det stadige karakterjaget prega samtlige fag, og det var lite rom for læring. Elevane skulle pugge matematikk, pugge tyske gloser og pugge tyske klassikarar. Kva sat dei eigentleg att med etter prøvene, bortsett frå karakter? Skulen var òg særs hierarkisk, der elevane skulle omtale lærarane med herr eller fru, og så etternamnet deira. Relasjonen mellom lærar og elev var det lite fokus på. Då eg som nordmann byrja å prate med lærarane mine, og etterkvart begynte å kjenne dei ganske godt gjennom samtalar og refleksjonar, vart både elevar og lærarar forundra. Dette var jo både sært og uvanleg, meinte dei.

Den norske skulen er langt frå perfekt, men den har fleire gode element i seg. Mellom anna fokuset på at skulen skal utdanne heile mennesket, til å bli «gagns menneskje», og at relasjonsbygging står i høgsetet. Elevane i den norske skulen skal bli aktive og demokratiske medborgarar, og som ser sitt samfunnsansvar. Det verkar for meg som at Sanna, gjennom sine angrep på aktivitetar som ikkje kan talsetjast, ikkje har nokon verdi.

For slik som Sanna skildrar det, så er det ikkje noko rom for læring etter at standpunktkarakterane er satt. Då tenkjer eg at det er Sarromaa som bør gå i tenkeboksen, og reflektere litt over eigen kompetanse til å utvikle og legge til rette for læring. Er det einaste Sarromaa ser ein verdi i berre karakterane som elevane sit att med? Såleis vil ikkje aktivitetane som ikkje kan målast ha ein verdi i eit slikt læringssyn.

Det er overraskande kor lite forståelse det verkar til at forfattaren har av viktigheita av relasjonar og medmenneskelegheit i skulen. Til stadigheit virkar det som at Sanna sjølv veit best, og at det skal vere ho som ser kva retning den norske skulen helst burde gå. Denne «sosiale og medmenneskelege» funksjonen i Sarromaa ser vi mellom anna når ho òg finn tid til å nedverdige kulturutøvarane i samfunnet vårt.

«Det skal være så sabla flott med gratis kultur for barn og unge, men denne gratiskulturen tjener først og fremst kulturarbeidere som ellers ikke hadde hatt jobb – og de fylkeskommunale byråkratene som har ansvar for å drifte sirkuset».

Den norske skulen skal vere ein arena for læring og nysgjerrighet, der vi i fellesskap får jobba med ulike tema som pregar liva våre. Ein møteplass for barn og unge, som har ulike eigenskapar, styrkar og svakheiter skal kunne oppleve både fagleg og sosial meistring. Har Sarromaa eigentleg forstått hensikta bak den norske skulen?

Tidlegare har Sanna uttala seg følgande om norske dialekter i VG:

«…dialektfascistene: De har trolig bodd hele sitt liv i en minibygd, upåvirket av andres språk - og antakeligvis tanker, også. Det er innavl over hele linja. Tusen innbyggere legger ikke opp til et voldsomt språklig eller intellektuelt mangfold.»

Eg lurar på korleis elevar og foreldre som møter Sarromaa som lærar tenkjer om ho. Når ho har så tydeleg negative haldningar til dialektbruk, og set det i korrelasjon med intellekt. Eg, som har ei tydeleg nordfjorddialekt, hadde nok ikkje falle i god jord med Sarromaa. Ho hadde vel ikkje forstått det eg sa, eller? Den viktigaste oppgåva vi som lærarar har, er å sjå den einskilde eleven. Å legge til rette for at elevane, kan få bli den beste versjonen av seg sjølv, og at vi skal hjelpe dei på vegen dit. Elevane skal få verktøya dei treng, slik at dei på best mogleg måte kan få realisert seg sjølv i samfunnet vårt.

Mitt spørsmål til deg Sanna er kva kan du som lærar gjere som sikrar elevene lærdom, sjølv om prøver er overstått og karakterene er satt? Du er flink til å kritisere andre, men i mine auge er det vel så mykje verdi i å sjå sine eigne begrensningar.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe