Det er mange grunnar til å etablere eit sjølstendig litteraturhus i Trondheim.

Litteraturhus: Huitfeldtgården i Kjøpmannsgata peker seg ut som litteraturhus i Trondheim. Foto: Foto: Vegard Eggen

Her er tre: 1) Gi publikum eit tilbod som er eit supplement til det eksisterande, ikkje ein konkurrent. 2) Styrke og utvikle det litterære miljøet i regionen. 3) Generere nye inntekter innafor kulturnæringa litteratur.

I debatten er det skapt inntrykk av at andre aktørar allereie fyller den rolla som er tiltenkt det planlagde litteraturhuset. Dette er ei grunnleggande misforståing på mange nivå. Kort oppsummert: Dei ulike aktørane er ikkje konkurrentar, fordi dei vender seg mot ulike publikumsgrupper og har ulike tenkemåtar når dei bygger opp programmet sitt.

Eg har vore aktiv innafor litteraturformidlinga i Trondheim i godt over 30 år, både på og bak scenen. Da forfattarmiljøet starta med litterær kro på 80-talet, var vi den einaste faste arrangøren av slike møte mellom publikum og forfattarar. I ein periode var folkebiblioteket medarrangør, men Trøndersk Forfattarlag og formidlingsinstitusjonen Norsk Forfattarsentrum hadde det meste av ansvaret. Vi opplevde at folk sto utafor og dundra på døra fordi vi ikkje kunne sleppe inn fleire i Rådhussalen, men også at forsamlinga var på åtte personar inkludert forfattargjesten og arrangørane.

Som den einaste aktøren i marknaden, prøvde vi å dekke heile feltet frå etablerte kanonar som Dag Solstad, Kjell Askildsen og Tove Nilsen, til relativt anonyme lokale forfattarar som Anne B. Ragde og Roy Jacobsen. Etter kvart kom bokhandlane, folkebiblioteket og Studentersamfundet inn med regelmessige litteraturarrangement. Eg har aldri hørt nokon i miljøet karakterisere dette som utidig konkurranse. Tvert om. Dess fleire som gjer litteraturen synlig, dess betre. Da forfattaren Kjersti Annesdatter Skomsvold var i Trondheim i november, var ho innom hos tre ulike arrangørar på tre dagar. Dette er ikkje konkurranse, det er samarbeid for å nå mange.

Verken forfattarmiljøet eller den publikumsretta aktiviteten er statisk. Nye hovud tenker nytt, noko som i 2003 resulterte i at Trondheim fekk sin eigen litteraturfestival, Æ Å. Eit par år tidligare starta tradisjonen med litterær hagefest ved Adrianstua. Her er programmet alltid farga av smaken og interessene til forfattaren som bur der akkurat da. Både festivalen og hagefesten er gode eksempel på at mangfaldet aukar når det er fleire sjølstendige aktørar innafor feltet litteraturformidling, fordi litteratur ikkje er eitt felt, det er mange. Ikkje alle er interesserte i såkalla ”smal” tyskspråklig litteratur. Somme av dei som ikkje er det, fekk likevel sjansen til å oppleve Herta Müller under Æ Å Trondheim litteraturfestival to år før ho fekk Nobelprisen.

Det største problemet gjennom alle åra med litteraturarrangement i Trondheim, har vore mangelen på ein fast tilhaldsstad. Mest stabil var perioden i no nedlagte Posepilten, men vi har også gitt det faste klientellet på Kafé Larssen poesi og prosa ved sida av halvliteren, vi har brukt det upraktiske lokalet til bibliotekkafeen Gjest Baardsen, og Rådhussalen, Trondheim kunstmuseum, Rockheim, Bristol konditori, Verkstedhallen, Dokkhuset, Bar Moskus … Lista er svært lang. At dei fleste arrangementa har vore vellykka, betyr likevel ikkje at bygningsmassen omkring lokalet er eigna som litteraturhus.

Det er umulig å rekne ut kor stor omsetning eg har generert som sjølstendig næringsdrivande gjennom heile mitt yrkesaktive liv. Eigne inntekter er henta frå produksjon av romanar, sakprosa, teaterstykke, filmmanus, songtekstar, foredrag og artiklar. Dette har generert omsetting hos profesjonelle aktørar som D.D.E. og ideelle aktørar som Korsvikaspillet, for å nemne to av mange som eg har samarbeidd med – i tillegg til forlagsbransjen, institusjonsteatra, konsertarrangørar, plateselskap og så vidare. Min tekstproduksjon har altså gitt arbeid til andre aktørar innafor kulturnæringane.

Ein sjekk hos Skatteetaten viser at dei profesjonelle skjønnlitterære forfattarane i Trondheim hadde ei skattbar inntekt i 2011 på godt over 10 millionar kroner og betalte nesten halvparten i skatt. I tillegg kjem dei reine sakprosaforfattarane som det er mange av, ikkje minst på grunn av NTNU. Litteraturen genererer også arbeidsplassar innafor bokhandel, bibliotek og andre stadar. Og altså: Dei av oss som arbeider med musikk, film og teater, er underleverandørar til filmproduksjonar, teatergrupper, historiske spel, pop- og rockeband, festivalar og anna, noko som også genererer svært mange millionar i omsetning.

Eg vil sjølsagt meine at dei immaterielle verdiane er den viktigaste sida ved det eg arbeider med, altså dei ikkje målbare effektane av litteratur, teater, film, songar, foredrag og så vidare. Når eg likevel tar ein sving innom marknadsøkonomien, er det fordi fleirtalet i kulturkomiteen i Trondheim meiner at det foreslåtte litteraturhuset vil koste for mykje. Dei ser ut til å ha stira seg blinde på ein utgiftspost, utan å sjå kva denne investeringa vil gi av inntekter.

Nei, eg meiner ikkje at skatteinntektene frå litteraturnæringa automatisk skal pløyast tilbake, men det bør vera innlysande at eit litteraturhus vil generere både kommersiell omsetting, statlige kulturmidlar og sponsorinntekter – og dermed skatteinntekter. Den private stiftinga Fritt Ord har allereie lova 2 millionar til oppstart i Huitfeldtgården. Desse pengane mistar vi om planane går i vasken.