Det merkes at lokalvalet nærmar seg, for i desse tider spør media dei sitjande bystyrerepresentantane om dei stiller til gjenval eller ikkje. Fleire har sagt at dei ikkje tek gjenval, og av desse er det overraskende mange unge politikarar som seier dei gir seg. Eller, er det eigentleg så overraskande?

Sivert Bjørnstad svarer i eit intervju at det å vere politikar i Trondheim oppleves som å være på ei ørkenvandring. Han hevder at alt skjer på bakrommet og at bystyrebehandling kun er til for proformadiskusjonar. Komitane, hevdar han, handlar kun om å få orienteringar frå dei som verkeleg styrer byen - kommunedirektøren og hans stab.

Min eigen partikollega, Ask Ibsen Lindal, har sagt noko liknande i tidlegare intervju. Han snakkar om A-, B- og C-lag med medlem av formannskapet og gruppeleierane i spissen og resten av bystyrerepresentantane som passivt “daukjøtt”.

Begge peiker på parlamentarisme som løysinga. Eg skal ikkje ta den debatten her. Til det er eg for fersk i politikken. Men eg har likevel nokre tankar om kva vi kan gjere for å motivere nye, komande politikarspirer til å engasjere seg.

Dette er den første perioden eg sit i bystyret, og da kun som deltidspolitikar. Eg jobbar som oftest med sakar som kjem opp i min komite, den nyoppretta arbeids- og sosialkomiteen. Kanskje er det flaks for meg at mange av dei sakene også er mine hjertesakar. Det er sakar eg brenn for og som det er lett for meg å engasjere meg i. Men det er ikkje kun det som gjer at eg ynskjer å stille til gjenval.

I komiteen opplever eg som ny å bli inkludert i det som på mange måter kjens som et kollegialt fellesskap. Det er rom for å komme med spørsmål og forslag til endringar undervegs i behandling av sakar, kultur for å samskrive og inngå kompromiss, og ei kjensle av at vi alle blir foreina av det samme målet - å løfte dei sårbare gruppene i samfunnet som alt for ofte blir gløymd.

For meg har denne opplevinga av å bli tatt imot som ein verdsatt del av det politiske fellesskapet, på tvers av partigrenser, vore avgjerande for at eg ynskjer å fortsette. Etterkvart har eg lært meir og meir om korleis det politiske systemet fungerar i Trondheim. Eg har fått vere med å forme saker som er viktig for meg, eg har blitt tatt seriøst og lytta til i debattar og eg har byrja å oppdaga dei romma som fins for påverknad seinare.

Kort fortalt: Eg opplever meistring i rolla mi som folkevalgt. Eg har ein plass i det politiske landskapet, og det betyr noko at eg møter opp og gjer jobben min. Hadde eg ikke kjent på denne meistringskjensla etter tre år som fersk folkevalt, så hadde verken verdas beste partigruppe (for det er dei verkeleg) eller dei mest engasjerande politiske debattane vore nok for at eg skulle orke å stå i det lenger. Vi må gi ferske politikarar moglegheit til å påvirke, til å sette sine spor og til å av og til skinne.

Så her er mi oppfordring til representantane i Trondheim bystyre: Løft opp dei unge og uerfarne. Skap trygge rom der dei kan ytre sine meiningar, komme med innspill undervegs i politiske prosessar og få veiledning i korleis dei kan omdanne engasjementet sitt til politiske gjennomslag. Ver rause og tolmodige om dei knotar det litt til, men ta dei seriøst i sitt engasjement. Vi politikarar snakkar ofte om å “tenke nytt”. Å tenke nytt handlar ofte om å slippe inn nye perspektiv og erfaringar. Det får vi berre dersom vi også slipper inn nye, ferske representantar. Framtida til byen vår kan avhenge av at vi lykkes med det.

Vil du vite mer om hvordan du skriver for Midtnorsk debatt? Les mer her!

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe